fredag 23. september 2011

Bloggen som bok!

Bloggen vår er no å få som bok!! Gi beskjed om du vil kjøpe den ;) 

Her er ein liten smakebit:






onsdag 30. mars 2011

Reisa heim

Etter å ha vinka farvell til vår fantstiske reiseledar, mwalimu Odd Ragnar, rusla vi molefunkne mot gaten, klare til første etappe med venting før ein lang flytur tilbake til Oslo. Heldivis var flyturen på natta denne gangen, så for dei fleste av oss var reisa over relativt fort. Fleire av oss fekk ikkje ein gong med seg at vi letta - det tek på å vere ein månad i Afrika ;) Ulike transportmetodar og forskjellege avgangstider vidare, gjorde at mange av oss måtte skilje lag då vi landa på Gardarmoen. Der vart fleire av oss møtt med kansellerte og utsette flyavgangar, noko som resulterte i matbongar og gratis sladreblad. Astri var den som måtte smøre seg mest med tolmodigheit og fekk best tid til å utforske Gardarmoen, før flyet hennar sette kurs mot Vigra 21.30. Snart var vi alle heime med kjende og kjære; venar, familie, grovbrød, makrell i tomat og ekte norsk mjølk.

Anne sitt første møte med Starbucks...


Silje og Ida Mari @ Starbucks, Istanbull


Tusen takk til ein fantastisk gjeng for ein ubeskriveleg fin tur! Vi veit vi snakkar for alle når vi seier at sjølv om reisa er over, vil vi alltid bere med oss minner og opplevingar frå desse fire vekene <3


Klem frå Lisa og Anne <3

Siste dag i Nairobi

Då nærma eventyret seg slutten og alt vi ikkje hadde fått gjort til no, skulle gjerast denne dagen. Dagen starta med ein relativt sein frukost før vi la i veg på første tokt; Uchumijakt på leit etter kenyanske fotballskjorter. Vi datt raskt ut av telling, for butikkane vi besøkte var mange, men det viktigaste var at jakta vart vellykka - dei fleste av oss fann det dei leita etter. Tokt nummer to denne dagen var besøk på Karen Blixen museet, ikkje langt frå der vi budde. Karen Blixen var ei dansk baronesse som dreiv ein kaffiplantasje i Nairobi under kolonitida. Ho var ei stor dame for lokalbefolkninga, og den dag i dag er eit område i utkanten av Nairobi oppkalla etter henne. Filmen "Out of Africa" omhandlar livet hennar, og vart spelt inn på det området Karen Blixen Museet ligg i dag. Romantikarane og dei største filmelskarane av oss (les: Lisa og Beate) måtte sjølvsagt ta turen hit. Fleirtalet av dei gjenverande hadde på førehand blitt lurt til å sjå den tre timar lange spelefilmen, og meinte dette var meir enn NOK ;)  Lisa og Beate returnerte eit par timar seinare tilbake med stjerner i augene og Karen Blixen i hjartet, godt nøgde med eit fint besøk.

Innimellom slaga gjekk mesteparten av dagen med til soling, blogging, deling av bilete, pakking, eting og avslapping. Vi hadde vanskelegheiter med å innsjå at den siste dagen i fantastiske Afrika snart var over for vår del. Den siste månaden hadde gått så alt for fort og snart venta pensumlesing, oppgåveskriving og tjukkeragga. Sjølv om vi alle gleda oss til å kome heim, var det med tungt hjerte og tårer i augekroken at vi ei lita stund før midnatt sa kwaheri (på gjensyn) Scripture Mission, og sette kursen mot flyplassen.

Sripture Mission <3
Klem frå Isabell, Lisa og Anne <3

mandag 7. mars 2011

Rundtur i Voi og reisa "heim" til Nairobi

Laurdag 5. mars

Etter ei ubehageleg varm natt med fraver av aircondition vart frukosten servert klokka 08.30, noko som tyder på at vi fekk sove lenge i dag! I dag har vi vore så heldige å hatt med oss Ingrid; ei veninne av Jannike som for tida jobbar med eit prosjekt i Voi gjennom Skodje kommune. Ingrid jobbar også som lærar i Voi, og det var spennande å få høyre hennar syn på den kenyanske skulen. Miljøprosjektet dreier seg om å gjere Voi til ein reinare by, i korte trekk, kvitte seg med søplet i gatene. Ingrid og ein kenyansk kollega viste oss rundt i byen og vi fekk eit godt innblikk i kva arbeidet deira dreier seg om. Søppelmentaliteten i Kenya eksisterar ikkje, så lenge søppelet er utanfor husdøra er det heilt OK. Det var kjekt å sjå at søppelsituasjonen er i endring og at lokalfolket er med på å gjere ein innsats.

Dei lokale søppelhentarane i sving...


Etter rundturen i Voi var det på tide å setje kursen "heim" til Nairobi. Køyreturen denne dagen var varm, svært varm. Men vi merka ettersom vi nærma oss Nairobi at vi var på vei tilbake til eit meir uthaldeleg klima. Vi kom tilbake til Scripture Mission rundt middagstider, og laurdagskvelden vart brukt til pakking og akklimatiseng (nedkjøling).

Klem frå Anne og Astri <3 

Besøk i Voi 4. mars

Etter tre flotte dagar på det vi kalla «luksushotellet», var det på tide å vende snuten «heimatt» til Nairobi. Ein firetimes lang og varm biltur til Voi venta oss, noko vi ikkje såg særleg fram til. Vi hadde bestemt oss for å mellomstoppe i Voi for å korte ned bilturen og hilse på ei venninne av Jannike. Etter fem minutt i bilen var vi allereie gjennomsvette og gloser som «det e so varmt! Det renn av mej!» var hyppig brukt. På vegen måtte vi som vanleg ha eit lite dostopp, som blei gjort på ein av dei mange suvenirsjappene langs vegen. Det er jammen rart kor mykje dyrare ei brus blir med ein gong ein mzungu (kviting) kjem inn døra. Men no har vi lært oss triksa, og vi betalar no «berre» dobbel pris, ikkje tredobbel...! Etter enda nokre timar med syting over store elver som renn i bilane, var vi endeleg framme ved Scripture Mission i Voi rundt lunsjtider. Det skulle likevel vise seg å ikkje bli tørketider heilt enda, for no var det duka for omvisning i ein sisal-fabrikk og ein appelsinplantasje. Sisal-fabrikken var veldig spennande og vi fekk sjå korleis dei laga tau av sisalplanter.

Tørking av sisal...

Professor Hunnes i kjent positur:)

Etter dette besøket blei vi også bevisst på at desse taua blir brukt til mange ulike formål rundt om i byen. Vi kjørte derifrå til appelsinplantasjen, men der skulle vi bli skuffa. Der var det ikkje noko arbeid på gang, så vi fekk ikkje lov til å komme inn. Som eit plaster på såret, ville Gideon (leiaren ved Scripture Mission i Voi) vise oss appelsintrea deira, og også gi oss ein smakebit. Med dette fekk vi også ein liten rundtur i området til Scripture Mission der vi blant anna fekk sjå drivhuset, fiskebassenga og radiostasjonen.




To av mange husdyr i Voi :/

Til kvelden hadde Odd Ragnar lovd oss ein overraskelse, noko som skulle vise seg å vere middag på eit finare hotell i nasjonalparken utanfor Voi. Det satte vi stor pris på! Der var det nydelig mat og fin utsikt over ein liten vassdam der vi håpte på å sjå nokre dyr. Men den kvoten hadde vi nok fylt opp på safari i Masai Mara, så vi fekk berre sjå nokre fuglar. Men fint var det likevel der vi stod i den friske brisen. Nokre av oss benytta også sjansen til å handle litt fleire suvenirar i butikken ved restauranten og fekk nokre gode kjøp. Slitne etter den varme dagen var vi alle klare for å ta ein tidleg kveld, slik at vi skulle bli utkvilte til nok ein varm biltur neste dag.

Klem Isabell og Jannike.

Snorkling i Det Indiske Hav - 3. mars

For å rekke over alt som var på agendaen idag, var vi på hjula 7.30. Guiden for dagen var ei veldreia og hyggeleg dame frå Israel, som skulle gi oss ein eventyrleg dag. Etter ein times tid i bussen, stansa vi ved ei underjordisk korallgrotte som tidlegare vart brukt til å oppbevare afrikanske slavar. Nokre av oss vart litt redde då det viste seg at der framleis budde nokon – nemleg flaggermus. Heldigvis vart ingen flaggermusmat, og alle kom seg heilskinna opp igjen frå den spanande grotta.

Vel inne i bussen, køyrde vi eit lite stykke til før vi kom til hamna vi alle hadde lengta slik etter. No var det endeleg tid for å kome seg om bord dei fargerike båtane som skulle ta oss med på sjøsafari på det indiske hav. Mannskapet var hjelpsame, og serverte oss bollar, frukt og drikke. Her skulle ingen svelte, og vi følte oss godt varta opp. Båten var stor nok til alle saman, og var utstyrt med eit stort segl, eit rosa toalett, fargerike puter og tak og ein snerten liten påhengsmotor.
Eller kort seilas, merka vi at vi hadde fått besøk ved sida av oss. Begeistringa var stor då vi såg at det symde ein flokk på tjue delfinar tett attmed båten vår. Vi skråla i kor, og mange var heldige og fekk tatt gode bilete. Vi merka oss også at det var ein liten delfinbaby inne i flokken, som av og til kika opp. Du kan tru at dette var kjekt! Delfinane symde saman med oss ei stund før dei forsvann – sikkert på leiting etter mat.
Vi fortsette på turen vår, spennklare for å snorkle. Odd Ragnar hadde tidlegare erfart at ein fort vert solbrent når ein snorklar, så ingen av oss fekk hoppe ut i vatnet utan ei t-skjorte. Mange av oss stilte også opp i shorts eller tights og oransje redningsvestar. Mannskapet delte ut symjebriller og snorkel til alle og ein kvar før vi hoppa i havet. Nokre hoppa utan problem, andre nølte litt, men ingen satt igjen i båten då snorklinga tok til.
Guide og mannskap fylde oss, og viste veg gjennom heile snorklinga. Vi symde over korallrev, og såg fiskar i alle regnbogens fargar, ulike fasongar og størrelsar. Korallane var majestetiske, og det krydde med liv i og rundt dei. Området var freda, så det var forbode å plukke med seg noko. Berre det å få sjå og oppleve dette, vil vere minne nok for livet. Kari Britt meinte det var heilt fantastisk at ho som godt vaksen skulle få oppleve noko så fantastisk, og vi kjende nok kor heldige vi var alle saman. Det er nemleg under havoverflata at Gud har gøymd alt det vakre og unike.
Etter ei lang stund i vatnet, byrja det å bli grunnare og til slutt stod vi alle saman på ei kvit sanddyne omringa av det indiske hav frå alle kantar. Vi blei heilt mållause av det vi no stod å kika på, og noko så vakkert hadde vi aldri sett før. Vi satt oss ned på den mjuke korallsanden og naut utsikta. Akkurat no stod tida stille, og vi skulle ønske dei heime var her saman med oss og fekk oppleve det fantastiske vi no vitna til. Etter ti minutt kom tidevatnet, og sanddyna var gøymd av havet. Der var då på tide å komme seg om bord i båten igjen.
Så gjekk turen til ei lita idyllisk øy for å ete lunch. Her fekk vi valet mellom fiskemat eller kylling, der dei fleste prøvde seg på fiskematen sidan vi no var på sjøsafari. Etter lunchen, fekk vi omvising på den vesle øya som var tett befolka, og utan tilgang på vatn. Vi fekk også sjå dei utallege mangrovetrea som voks vilt rundt store korallar som stakk opp i sanden, og gangar av bruer som var satt opp på grunn av tidevatnet. Det var eit heilt spesielt landskap, og vi hadde aldri sett liknande.
Finaste vaskefatet...

Enkelte glei betre inn i det muslimske miljøet enn andre ;)

Etter stor applaus og takksemd, var det på tide å returnere til hotellet i Mombasa, og nyte godene som all inclusive-handbånda gav oss.
Helsing Ida Mari og Silje R.

Dag 23 og 24

Etter å ha sove den siste natta på Cawaal Guesthouse var studentane  og mwalimu (lærar) klare for ein ny dag. Først på programmet stod eit  besøk til Kitengela Glassfactory. Her fekk vi sjå glasblåsing og vi vart mektig imponerte! Det var også passande at eigaren sitt kjæledyr, som svinsa rundt på den varme arbeidsplassen, var eit omnsrøyr.


Ein som fekk seg mange nye venner denne dagen. 
Dei dyktige glasblåsarane.
Elles var området utsmykka med oppfinnsam kunst.



Til og med toalettet hadde ein kunstnerisk touch
Kreativiteten er det ikkje noko å seie på!
 Etter omvisning fekk vi høve til å handle, og når sunnmøringane høyrde orda 40 % avslag var vi ikkje seine om å fylle opp i både sekkar og spann. Vegen til og frå glasfabrikken var ei utfordring då denne var særdeles humpete. Dei reisande kom fram til at dette måtte vere for å kvalitetssikre glas som skulle fraktast frå Kitengela. Til vår store glede førte den humpete vegen oss vidare til eit kjøpesenter. Her fekk vi først og fremst mogelegheit til å kjøpe bøker til semesteroppgåva, men det var nok tid til overs til både kleshandling og italiensk is.


Turen bar så vidare til togstasjonen. Vi pressa oss gjennom folkemengda med koffertane på slep og fekk omsider kvile på perrongen. Etter over tre veker i Kenya byrjarn koffertane å  bli store og tunge. Det var difor ikkje så lett å få dei gjennom dei smale korridorane på toget, der det ikkje ein gong var plass til at to slanke menneske kunne møtast.


Lugarane var som tatt rett ut i frå 2. værdskrig med militærfarga sengeklede og sparsommeleg belysning. Å gå på toalettet i det humpete toget var og ei utfordring, spesielt sidan toalettet berre var eit hol i golvet (kanskje er det slik dei smører togskinnene i Kenya?!).

Glade studentar i kupeen sin.
Medan det framleis var dagslys stod vi vindauga og betrakta livet langs togskinna. Somme stadar bur folk faktisk så nær togskinna taket på "husa" deira nesten skrapar inn i veggen til toget. Då det byrja å bli mørkt høyrde vi at nokon ringte i ei bjelle; no var det tid for mat. Vi vart servert tre-retters middag om ikkje fire-stjærnes.



Vi gjekk tidleg til kvelds denne dagen, og vart dyssa i søvn av den "jamne" vugginga til toget. Klokka 06.30 høyrde vi nok ein gong matbjella ringe, og det var no tid for frukost. Etter rutetidene skulle toget vere framme ved togstasjonen i Mombasa klokka 09.00, men no var vi visst på Afrikatid. Brått stoppa nemleg toget, for lenger framme hadde nemleg eit anna tog spora av. Då vi spurde kor lang tid det ville ta  fikse dette fekk vi til svar: Not years, not months, not weeks; but at least three hours! Så her var det berre å smøre seg med tolmod. Heldigvis har Odd Ragnar gode kontakter slik at vi likevel kom fram til hotellet medan det framleis var dagslys. Gleda var stor då vi såg dei kjende bussane frå Jambo Travels som nærma seg det stilleståande toget.

Toget stod veeeldig stille!
Endeleg framme i Mombasa takka vere Jambo Travels.
På veg til hotellet måtte vi ta ferje, og slik ser altså ei ferje ut i Afrika.
Nokre timar seinare var vi altså framme ved hotellet i Mombasa der vi vart tekne imot med kalde omslag, forfriskande leskedrikk og all-inclusive band på handa. Resten av dagen fekk vi nyte i sola mellom bassenget og stranda.




Klem frå Alice og Lisa<3

Søndag 27.februar

Å vakne av eigen maskin er herleg, sjølv om klokka såvidt har bikka 08.00. Sunn norsk ungdom kaller vi dette, eller kanskje vi berre er komne inn i ei såkalla "fornuftig" søvnrytme? (vi får berre håpe at det fortset når vi kjem attende til Volda;)

Rekreasjonen blei tolka på ulike måter blant studentane. Nokre valgte bassengkanten og sola over Scripture Mission, medan andre tok turen til Nairobi City og Nasjonalmuseet (det var òg dei som gjorde begge deler, berre slik at det er sagt).
Ved bassenget blei nokon (for å ikkje nemne namn) angrepet med vanngevær av søte små engleborn frå konferansesenteret. Medan andre fekk litt for mykje sol på kroppen (var det ein plass du ikkje blei solbrent, Anita?;) Heldigvis er det stadar der sola ikkje skin.. hoho..

På nasjonalmuseet var det mykje spanande å sjå. Alt frå utstoppa dyr til eit dykk i historia og stammekulturane til Kenya. Det blei òg ein tur innom *hald deg fast* SLANGEPARKEN. Samtlege av reisfølget var sååååå gira på å halde ein slange, men det enda opp med at den eine som ikkje insisterte på dette plutseleg stod der - skjelvande i knærne - med ein slange i handa.
Det var nok litt tilfeldigheiter i biletet då dette skjedde. Slangemannen la slangen i handa til Astri og sa "Don't drop it". Lite ante vi at vi burde vise takksemd til denne småfrekke slangemannen og betale for å få halde slangen. Noko som var sånn cirka 130% frivillig...

BØØ!

Du og i, Kameloen. Du og i.

Hunnes er tøff

Isabell er like tøff

Også var det Astri då...

CARNIVORE
Kveldens middag var ei sann oppleving. Ordet "carnivore" tyder noko sånt som "kjøttetar". Restauranten fylte krava til namnet til fingerspissane. Vi fekk 1 potet på fatet og mykje forskjellig kjøt som blei servert med jamne og ujamne mellomrom. Og det føregjekk på den måten at servitørane smidde av kjøttstykket av svære grillspyd etter ynskje. Ganske fascinerande opplegg. For å nemne noko av kjøtet vi blei servert: krokodille, lam, svin, kalkun, struts, kylling og okseballer(!) Dei fleste var modige og smaka på ALT.
Glade og mette gjekk vi der i frå.
Ein finFIN dag!
Karoline får servert kenguru

Lisa og Anne i aksjon.

Dette må vere den største grillen i Kenya?..

Helsing Astri og Daniel

Rosa fuglar og vulkan - Eit alternativ til Mount Kenya

Laurdag 26.februar

Dagen starta med frukost i 7 tida, og på hjul i 8 tida. På vei til Lake Elementaita med flaminogar og Mount Longanot eit vulkansk fjell.

Gleda var stor over å sjå ROSA fuglar. Flamingoar er svært vanskelege å komme nært innpå, derfor skremde vi den første flokken. Vi lærte fort. Og flokk nummer 2, der fekk vi fram jeger instinktet og lista vi oss på tå med kamera klart. Kari Britt matcha godt dei ROSA fuglane. Etter at vi blei leide av å sjå på dei flotte ROSA fuglane, byrja vi å studere spennandes vulkanske steinar ved vasskanten.





På vei til Mount Longanot møtte vi nokre morosame apar i vegen. Nett som vi kunne ta på dei. Alle i bilen var i hundre og ropte ”ape, ape”, sjølv om apar eigentleg er eit dagleg syn. Vi blir rett og slett ikkje lei av apekattar.

Alle fekk studentrabatt på Mount Longanot, bortsett frå studenten som var fødd i ’61. Vår faste sjåfør, Silas, hadde store problem med å finne ut kven den studenten var. Vi åt litt mat før vi starta turen til toppen. Vi starta med porten, og var klar for å gå i aske til topps. 


Klare til å klatre til topps!

Tydlege spor etter lavaen som har runne her den gong då..

Som vande turgåarar var vi godt kledde for fjelltur, med joggesko og gode fjellkle. Enkelte innfødde gikk med søndagskjole, pumps, og dress&slips. Vi kom hostande til toppen 1 1/2time seinare. Var heilt fantastisk å komme opp på kraterkanten, og å sjå ned i krateret. Alle var stumme av begeistring, og vi skjønna at turen var verdt slitet. 

Her "balanserar" vi på kraterkanten:)





Toppen låg på ca 2600moh, og vi jubla over at vi var 131m over Galdhøpiggen. På toppen åt vi lunsj til ei fantastisk utsikt. Nedturen gikk unna på under 1t. Vi gjekk så fort at folk på vei oppover såg berre askeskya av oss. På botn åt vi sjølvsagt enda meir før vi starta turen tilbake til Nairobi.

I Nairobi tok vi alle ein velfortent dusj, og piknik i spisesalen. Vi venta spent på Mount Kenya folket, og ein sein middag til kvelds. Vi har ei aning kols i blodet etter fjellturen til Mount Longanot pga all akestøvet.

Silje Nesbakk, Ida M., Astri, Anita, og studenten fødd i ’61.