mandag 7. mars 2011

Snorkling i Det Indiske Hav - 3. mars

For å rekke over alt som var på agendaen idag, var vi på hjula 7.30. Guiden for dagen var ei veldreia og hyggeleg dame frå Israel, som skulle gi oss ein eventyrleg dag. Etter ein times tid i bussen, stansa vi ved ei underjordisk korallgrotte som tidlegare vart brukt til å oppbevare afrikanske slavar. Nokre av oss vart litt redde då det viste seg at der framleis budde nokon – nemleg flaggermus. Heldigvis vart ingen flaggermusmat, og alle kom seg heilskinna opp igjen frå den spanande grotta.

Vel inne i bussen, køyrde vi eit lite stykke til før vi kom til hamna vi alle hadde lengta slik etter. No var det endeleg tid for å kome seg om bord dei fargerike båtane som skulle ta oss med på sjøsafari på det indiske hav. Mannskapet var hjelpsame, og serverte oss bollar, frukt og drikke. Her skulle ingen svelte, og vi følte oss godt varta opp. Båten var stor nok til alle saman, og var utstyrt med eit stort segl, eit rosa toalett, fargerike puter og tak og ein snerten liten påhengsmotor.
Eller kort seilas, merka vi at vi hadde fått besøk ved sida av oss. Begeistringa var stor då vi såg at det symde ein flokk på tjue delfinar tett attmed båten vår. Vi skråla i kor, og mange var heldige og fekk tatt gode bilete. Vi merka oss også at det var ein liten delfinbaby inne i flokken, som av og til kika opp. Du kan tru at dette var kjekt! Delfinane symde saman med oss ei stund før dei forsvann – sikkert på leiting etter mat.
Vi fortsette på turen vår, spennklare for å snorkle. Odd Ragnar hadde tidlegare erfart at ein fort vert solbrent når ein snorklar, så ingen av oss fekk hoppe ut i vatnet utan ei t-skjorte. Mange av oss stilte også opp i shorts eller tights og oransje redningsvestar. Mannskapet delte ut symjebriller og snorkel til alle og ein kvar før vi hoppa i havet. Nokre hoppa utan problem, andre nølte litt, men ingen satt igjen i båten då snorklinga tok til.
Guide og mannskap fylde oss, og viste veg gjennom heile snorklinga. Vi symde over korallrev, og såg fiskar i alle regnbogens fargar, ulike fasongar og størrelsar. Korallane var majestetiske, og det krydde med liv i og rundt dei. Området var freda, så det var forbode å plukke med seg noko. Berre det å få sjå og oppleve dette, vil vere minne nok for livet. Kari Britt meinte det var heilt fantastisk at ho som godt vaksen skulle få oppleve noko så fantastisk, og vi kjende nok kor heldige vi var alle saman. Det er nemleg under havoverflata at Gud har gøymd alt det vakre og unike.
Etter ei lang stund i vatnet, byrja det å bli grunnare og til slutt stod vi alle saman på ei kvit sanddyne omringa av det indiske hav frå alle kantar. Vi blei heilt mållause av det vi no stod å kika på, og noko så vakkert hadde vi aldri sett før. Vi satt oss ned på den mjuke korallsanden og naut utsikta. Akkurat no stod tida stille, og vi skulle ønske dei heime var her saman med oss og fekk oppleve det fantastiske vi no vitna til. Etter ti minutt kom tidevatnet, og sanddyna var gøymd av havet. Der var då på tide å komme seg om bord i båten igjen.
Så gjekk turen til ei lita idyllisk øy for å ete lunch. Her fekk vi valet mellom fiskemat eller kylling, der dei fleste prøvde seg på fiskematen sidan vi no var på sjøsafari. Etter lunchen, fekk vi omvising på den vesle øya som var tett befolka, og utan tilgang på vatn. Vi fekk også sjå dei utallege mangrovetrea som voks vilt rundt store korallar som stakk opp i sanden, og gangar av bruer som var satt opp på grunn av tidevatnet. Det var eit heilt spesielt landskap, og vi hadde aldri sett liknande.
Finaste vaskefatet...

Enkelte glei betre inn i det muslimske miljøet enn andre ;)

Etter stor applaus og takksemd, var det på tide å returnere til hotellet i Mombasa, og nyte godene som all inclusive-handbånda gav oss.
Helsing Ida Mari og Silje R.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar