mandag 7. mars 2011

Fredag 25.februar - dag 20

Gathuiti Tea Facory Ltd. (Nyeri)


Ringeding sa vekkerklokka 06.45. Kari-Britt, Anita, Sije Nesbakk, Ida Mari og Astri kika utover den tomme frukostsalen på Greenhill Hotel. Medan 10 av gruppa vår klatra seg oppover Mt.Kenya, planla vi dagen. Eller, dagen var nok allereie planlagt - men vi gjorde oss vertfall klar for dagen. På programmet stod blant anna eit nytt besøk på te-fabrikken, sidan maskinene stod stille i går. Vi var gira på å sjå korleis te-produksjonen verkeleg gjekk føre seg.


Kvite frakker og kvite hatter måtte på, vi følte eit snev av profesjonallitet og blei imponerte (i forskjell til meieriet vi besøkte tidlegare i kula). Hender måtte vaskast og desinfiserast. At dei kosta opp det som fallt på golvet som ikkje var 120% reint, og hadde det oppi maskinene igjen - treng vi ikkje å nemne.(WOPS).

Etter inspeksjonsrunda blei vi sitjande på kontoret til sjefen ei god stund utan å vite kva som skulle skje. Det var vel eigentleg ikkje noko som skulle skje, men smake på teen - det fekk vi. No må det nemnast at Kenyarane drikk te med mjølk og sukker, for den teen vi fekk servert var nokså sterk. Vi drikk jo teen helst au naturell, så her fekk vi litt problem. Til og med professor Hunnes måtte kaste inn handkledet og tømme ut teen i vasken (i smug).
sitat: Folkens, no har vi sjansen (les: tøm ut teen før dei kjem tilbake)








THOMSOM FALL
Turistplass; det var førsteinntrykket vi fekk. Proppfult med levande turistattraksjonar og diverse vi kunne risikere å måtte betale for å ta bort i, eller sjå på. For å nemne noko; kamelar og utkledde lokalfolk. Vi inntok lunsj; peparsteik utan peparsaus og hamburger på loffskiver. Anita fekk den mest kreative lunsjen, ho fekk nemleg med litt av embalasjen til burgaren sin. Gode og mette gjekk gjekk vi mot fossen.
Vi gjekk faktisk heilt ned til fossefallet, uforberedt og dårleg skodde som vi var. Ein person med ein ubalansert mage, ein anna med dårlege sko og vi var utan vatn.Takk og pris for litt kunstpauser. For ein gong skuld var faktisk V I populære fotoobjekt. Ein skrålande kenyansk studentgjeng ville knipse bilete saman med oss. Frieria og godorda hagla inn. Sjølvsagt prøvde vi oss på å ta 100 Ksh pr.bilete(slik mange gjer her) , men det fell ikkje i god jord.
Fossen var vakker. Vi overlevde den spontane klatreturen på omtrent 60 høgdemeter.








Menengai crater (Nakuru)
Vi var spente. Fulle av forventningar. Dette krateret har det blitt snakka mykje om i undervisninga heime. Vegane var humpete, regnvatnet har erodert til dei gradar den porøse jorda som vi kalla veg. Nokon vi ikkje skal nemne med namn, heldt seg for augene medan vår gode sjåfør navigerte oss lett gjennom eit tøft terreng - eller veg?..

Oppe på toppen tok vinden godt tak i oss. Det var eit storslått syn som openbarra seg. Etter eit kjapt overslag kom vi fram til at området var rundt 20 kvadratkilometer. Det var så kuuult å sjå mykje av det vi har snakka om på skulen "in real life". Silje scora høgt med å nemne viskositeten på lavaen. Vi såg tydlege spor etter kor lavaen har runne og storkna, og at det har vore fleire prosessar i danninga av krateret slik det ser ut i dag.



Kan du skimte kraterkanten i horisonten?


Ganske stort område! 

Gjengen


Tid for ein aldri så liten "marknad"



Studering av ein vulkansk stein
Etter ei engasjert undervisning av ein enda meir engasjert professor, fekk endeleg dei mange selgararne vår merksemd. Dagens røvarkjøp var lekre globusar, veldig greitt med ein proff prutar som ordna ein god handel for oss;)


Nydeleg!!


Helsing Astri:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar