lørdag 5. mars 2011

Turen til Mount Kenya 24. - 26. februar

Før vi tok til på den store fjellturen, stod besøk på Gathuity Tea Factory i Nyeri på programmet. På grunn av tørketida som har prega Kenya den siste tida, var det ikkje produksjon på fabrikken denne dagen, men vi fekk likevell ei omvisning der vi fekk sett korleis te-produksjonen går føre seg. Omvisinga vart avslutta med prøvesmaking, der Lisa og Beate stilte opp som prøvekaninar. Smaksprøvinga gjekk føre seg med høglydt slurping og smatting, til stor fornøyelse for resten av gruppa. Ein meir erfaren smakar påstod at han kunne kjenne igjen både type og distriktet teen kom ifrå, men fekk kalde føter då Odd Ragnar utfordra han til ein blindtest. For ein skrytepave! Til slutt fekk vi også bli med ein tur ut på te-plantasjen, der vi fekk sjå korleis dei plukka te.
Godt i gang med omvisninga…
Skrytepaven sjølv…


Prøvesmakar Lisa...
Teplukkardame i full sving…


Tebusker er stas!
 Etter besøket på te-plantasjen var tida komen for å dele gruppa i to. Mount Kenya gruppa sette kursen mot Naro Moro, der vi skulle møte guidane og berarane som skulle hjelpe oss med å nå toppen.  Vi var ein spent gjeng med store forventningar til kva som venta dei dei neste dagane, og det kribla i magen då vi køyrde opp mot gaten. Framme ved gaten skulle vi ete lunsj før vi byrja på vandringa oppover. Vi hadde med oss eigen kokk, og forventningane til resten av turen vart ikkje små då vi fekk servert ein fantastisk pikniklunsj. Heimelaga guacamole falt særleg i smak! Det tok ei stund før vi fekk kome inn i nasjonalparken, då vi mangla søknadsbrevet som skulle til. Dette ordna seg heldigvis til slutt, men spørsmålet no var om vi rakk opp til Met Station, første overnattingsstad, før det mørkna. Første etappe var ein 9 km lang tur frå 2300 til 3200 m.o.h. Nokon merka allereie her den tynne lufta, men med eit sakte tempo gjekk turen opp veldig bra. Eit av dei beste råda mot høgdesjuke er å drikke rikeleg med vatn, noko vi tok på alvor frå første stund. Konsekvensen av dette vart hyppige dopauser. Då mørket byrja å sige på fikk vi vite at var ein time igjen av turen. Nokon var på tur å finne fram hovudlyktene, men det viste seg at campen låg rett rundt neste sving. Så lurt kan ein bli J Vel framme vart vi tildelt ei tilsynelatande koseleg hytte, men det skulle vise seg at det også her budde nokre skapningar som ikkje alle er like glade i. Takk og lov for kjekke guidar som stilte opp og redda oss frå dei fæle skapningane (les feite, svarte edderkoppar). Før vi fann køyene fekk vi servert ein god middag. Guidane passa på at vi fekk i oss nok næring, og forventa at vi åt opp alt saman. Dette var ei uoverkommeleg oppgåve for småspiste nordmenn.
Ut på tur, aldri sur!
Trygt plassert inne i myggnettet – ute av rekkevidde for skumle kryp 
Ein av dei mange frukostgjestane våre…
Puss, puss, så får du en suss…
Neste morgon vakna vi opp til pøsande regnvêr – trudde vi. Fleire av oss hadde nemleg ligge å høyrt på “regnet” som hamra ned på taket, men dette viste seg å berre å vere kokken som tappa vatn frå krana på hytteveggen klokka fem om morgonen. Gleda var derfor stor då vi opna opp døra og såg at det var strålande vêr ute. Etter ein heavy frukost tok vi fatt på neste etappe. Målet for dagen var McKinder’s Camp på 4300 m.o.h., altså ei stigning på 1100 høgdemeter. Turen opp gjekk gjennom eit fantastisk landskap.  Vi bevega oss gjennom fleire vegetasjonssoner og Daniel, med sin nyinnkjøpte cowboyhatt, glei rett inn i westernlandskapet ovanfor tregrensa.
Cowboyen vår 
Litt av utsikta på veg oppover… I bakgrunnen ser du fjellet Dronning Elizabeth gjekk opp på som prinsesse, og ned frå som dronning…
Vi vandrar med freidig mot…
Ei av mange pausar...
“Pole, pole” var utan tvil dagens mest brukte uttrykk. Dette betyr sakte på kiswahili. Turen som var antatt å skulle ta ca. 6 timar tok oss nærmare 8 timar. Vi forklarer dette med gjentatte dopausar, ein lang lunsj etterfulgt av ein liten høneblund, enda fleire dopausar og eit høveleg tempo for mzunguar (kvitingar) frå lavlandet. Men vi kom oss i alle fall opp vi, i motsetning til barskingane frå British Navy, som prøvde å imponere oss med sitt raske tempo, men måtte snu pga. høgda før turen eigentleg var i gang. “Harraka harraka haina barraka” – “Hastverk er lastverk”.   Vi tok oss god tid, beundra utsikta, tralla og song og såg etter hjertesteinar <3 Beate var litt over gjennomsnittet interessert i steinane (les: konglomerat eller noko i den duren), og kom tuslande bakerst med kameraet i handa. 
Dopause
Middagskvil er viktig på slike lange fjellturar…
Ein av dei mange svært fasinerande steinane J
Første glimt av toppen…
Ikkje lenge igjen av andre etappe no…
Oppe på McKinder's camp fekk vi endeleg helst på dei mykje omtalte “hoppedyra”. Dyra som visstnok skulle likne på både mus, kanin, gris, elefant og det som verre var, viste seg å vere  meir lik ein bever utan hale. Ein smule skuffa fann vi også ut at dei heller ikkje hoppa noko bemerkelsesverdig. Ja, ja, hoggtenner hadde dei i alle fall.
Det berømte hoppedyret…
Gjengen samla på McKinder’s Camp…
  Etter litt te og kjeks tok vi oss ein liten spasertur endå litt lenger oppover lia. Dette var ein akklimatiseringstur opp til ca. 4750 m.o.h. slik at kroppen beitre skulle tole høgda dagen etter. Hovudverken hadde allereie då gjort seg gjeldane for fleire. At vi no gjekk ned att til campen skulle forhåpentlegvis føre til at hovudverken ville avta og at vi då skulle få ein meir behageleg kveld og natt. Uheldigvis for nokon, stemde ikkje dette heilt. Til middag fekk vi servert “SPAGETTI!!!!” til mange si store glede. Etter endå ei forsyning med te tok vi ein tidleg kveld sidan vandringa mot toppen skulle starte kl. 03:00.
SPAGETTI!!!!
Etter nokre timar med forsøk på søvn, var det nok ei runde med te og kjeks. Kanskje ikkje heilt riktig kost før ein krevjande tur på 700 høgdemeter, men sånn gjer ein det tydelegvis i Kenya. Men det skal seiast at matlysta ikkje var heilt tilstades, så det var nok lurast med ein lett frukost. Siste etappe skulle vise seg å bli tøffare enn forventa. No fekk dei fleste av oss verkeleg kjenne høgda sin påverknad på kroppen. Hovudverk, kvalme, svimmelheit, tung pust og ikkje minst kulde var nokre av utfordringane. Mange individuelle kampar vart kjempa, men VI NÅDDE MÅLET ALLE SAMAN! På toppen fekk vi tatt det obligatoriske gruppebildet og planta det norske flagget før vi kalde og ein smule nervøse vende nasa nedover igjen. Siste delen før toppen baud nemleg på ein del bratte og vanskelege passasjar som blant anna Silje R. ikkje kunne forstå korleis ho skulle komme seg ned igjen frå. Men med god hjelp frå John (ein av våre fantastiske guidar) som takla både tårer, snørr og dødsangst, gjekk turen ned mykje beitre enn forventa.  Då vi nærma oss McKinder’s camp kvikna dei fleste til igjen, og når vi i tillegg fekk litt mat innanbords og ein liten blund på auga var vi klare for ei ny etappe av nedstigninga. 
Sprekingane samla på toppen… Endeleg J
Det norske flagget – trygt planta, 4985 m.o.h.
Ruta opp mot toppen sett frå McKinder’s Camp…
No fekk vi verkeleg opp farta, og det blei ikkje så mange stopp heller. Nokre dopausar blei det jo så klart, men vi holdt koken oppe heilt til beina begynte å verke i dei siste bakkane før Met Station. Vi var akkurat komne under tak då regnet kom. Snakk om god timing J Men den store frykta som no breidde seg i gruppa var om regnet ville gjere vegane uframkommelege, då planen var å bli henta med bilane her. Tanken på å måtte gå ned den siste mila med låke bein blei rett og slett for mykje for nokon, sjølv om Beate prøvde å halde motet oppe til inga nytte. Etter mykje om og men fekk John organisert transport ned og humøret steig betydeleg.  Trygt nede ved gaten i Naro Moro slo regnet til for fullt. Snakk om flaks, nok ein gong J  Vi tok farvel med guidane. No var det berre bilturen tilbake til Nairobi som sto att. Det var ein sliten, men veldig stolt gjeng som traff igjen resten av gruppa på Cawal Guest House nokre timar seinare.
Ein fornøgd gjeng, vel nede i lavlandet att…


Tusen takk for ei heilt fantastisk oppleving saman med ein utruleg flott gjeng!
Klem frå Anne og Beate

1 kommentar:

  1. Kor kjekt det såg ut, utrulig stolte ta dokke :D Kjempe flinke alle saman. Kjekt at det vart tur på deg Silje :DD Stooooor Klem frå Fanny :D

    SvarSlett