mandag 7. mars 2011

Søndag 27.februar

Å vakne av eigen maskin er herleg, sjølv om klokka såvidt har bikka 08.00. Sunn norsk ungdom kaller vi dette, eller kanskje vi berre er komne inn i ei såkalla "fornuftig" søvnrytme? (vi får berre håpe at det fortset når vi kjem attende til Volda;)

Rekreasjonen blei tolka på ulike måter blant studentane. Nokre valgte bassengkanten og sola over Scripture Mission, medan andre tok turen til Nairobi City og Nasjonalmuseet (det var òg dei som gjorde begge deler, berre slik at det er sagt).
Ved bassenget blei nokon (for å ikkje nemne namn) angrepet med vanngevær av søte små engleborn frå konferansesenteret. Medan andre fekk litt for mykje sol på kroppen (var det ein plass du ikkje blei solbrent, Anita?;) Heldigvis er det stadar der sola ikkje skin.. hoho..

På nasjonalmuseet var det mykje spanande å sjå. Alt frå utstoppa dyr til eit dykk i historia og stammekulturane til Kenya. Det blei òg ein tur innom *hald deg fast* SLANGEPARKEN. Samtlege av reisfølget var sååååå gira på å halde ein slange, men det enda opp med at den eine som ikkje insisterte på dette plutseleg stod der - skjelvande i knærne - med ein slange i handa.
Det var nok litt tilfeldigheiter i biletet då dette skjedde. Slangemannen la slangen i handa til Astri og sa "Don't drop it". Lite ante vi at vi burde vise takksemd til denne småfrekke slangemannen og betale for å få halde slangen. Noko som var sånn cirka 130% frivillig...

BØØ!

Du og i, Kameloen. Du og i.

Hunnes er tøff

Isabell er like tøff

Også var det Astri då...

CARNIVORE
Kveldens middag var ei sann oppleving. Ordet "carnivore" tyder noko sånt som "kjøttetar". Restauranten fylte krava til namnet til fingerspissane. Vi fekk 1 potet på fatet og mykje forskjellig kjøt som blei servert med jamne og ujamne mellomrom. Og det føregjekk på den måten at servitørane smidde av kjøttstykket av svære grillspyd etter ynskje. Ganske fascinerande opplegg. For å nemne noko av kjøtet vi blei servert: krokodille, lam, svin, kalkun, struts, kylling og okseballer(!) Dei fleste var modige og smaka på ALT.
Glade og mette gjekk vi der i frå.
Ein finFIN dag!
Karoline får servert kenguru

Lisa og Anne i aksjon.

Dette må vere den største grillen i Kenya?..

Helsing Astri og Daniel

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar