mandag 7. mars 2011

Besøk i Voi 4. mars

Etter tre flotte dagar på det vi kalla «luksushotellet», var det på tide å vende snuten «heimatt» til Nairobi. Ein firetimes lang og varm biltur til Voi venta oss, noko vi ikkje såg særleg fram til. Vi hadde bestemt oss for å mellomstoppe i Voi for å korte ned bilturen og hilse på ei venninne av Jannike. Etter fem minutt i bilen var vi allereie gjennomsvette og gloser som «det e so varmt! Det renn av mej!» var hyppig brukt. På vegen måtte vi som vanleg ha eit lite dostopp, som blei gjort på ein av dei mange suvenirsjappene langs vegen. Det er jammen rart kor mykje dyrare ei brus blir med ein gong ein mzungu (kviting) kjem inn døra. Men no har vi lært oss triksa, og vi betalar no «berre» dobbel pris, ikkje tredobbel...! Etter enda nokre timar med syting over store elver som renn i bilane, var vi endeleg framme ved Scripture Mission i Voi rundt lunsjtider. Det skulle likevel vise seg å ikkje bli tørketider heilt enda, for no var det duka for omvisning i ein sisal-fabrikk og ein appelsinplantasje. Sisal-fabrikken var veldig spennande og vi fekk sjå korleis dei laga tau av sisalplanter.

Tørking av sisal...

Professor Hunnes i kjent positur:)

Etter dette besøket blei vi også bevisst på at desse taua blir brukt til mange ulike formål rundt om i byen. Vi kjørte derifrå til appelsinplantasjen, men der skulle vi bli skuffa. Der var det ikkje noko arbeid på gang, så vi fekk ikkje lov til å komme inn. Som eit plaster på såret, ville Gideon (leiaren ved Scripture Mission i Voi) vise oss appelsintrea deira, og også gi oss ein smakebit. Med dette fekk vi også ein liten rundtur i området til Scripture Mission der vi blant anna fekk sjå drivhuset, fiskebassenga og radiostasjonen.




To av mange husdyr i Voi :/

Til kvelden hadde Odd Ragnar lovd oss ein overraskelse, noko som skulle vise seg å vere middag på eit finare hotell i nasjonalparken utanfor Voi. Det satte vi stor pris på! Der var det nydelig mat og fin utsikt over ein liten vassdam der vi håpte på å sjå nokre dyr. Men den kvoten hadde vi nok fylt opp på safari i Masai Mara, så vi fekk berre sjå nokre fuglar. Men fint var det likevel der vi stod i den friske brisen. Nokre av oss benytta også sjansen til å handle litt fleire suvenirar i butikken ved restauranten og fekk nokre gode kjøp. Slitne etter den varme dagen var vi alle klare for å ta ein tidleg kveld, slik at vi skulle bli utkvilte til nok ein varm biltur neste dag.

Klem Isabell og Jannike.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar