mandag 7. mars 2011

Dag 23 og 24

Etter å ha sove den siste natta på Cawaal Guesthouse var studentane  og mwalimu (lærar) klare for ein ny dag. Først på programmet stod eit  besøk til Kitengela Glassfactory. Her fekk vi sjå glasblåsing og vi vart mektig imponerte! Det var også passande at eigaren sitt kjæledyr, som svinsa rundt på den varme arbeidsplassen, var eit omnsrøyr.


Ein som fekk seg mange nye venner denne dagen. 
Dei dyktige glasblåsarane.
Elles var området utsmykka med oppfinnsam kunst.



Til og med toalettet hadde ein kunstnerisk touch
Kreativiteten er det ikkje noko å seie på!
 Etter omvisning fekk vi høve til å handle, og når sunnmøringane høyrde orda 40 % avslag var vi ikkje seine om å fylle opp i både sekkar og spann. Vegen til og frå glasfabrikken var ei utfordring då denne var særdeles humpete. Dei reisande kom fram til at dette måtte vere for å kvalitetssikre glas som skulle fraktast frå Kitengela. Til vår store glede førte den humpete vegen oss vidare til eit kjøpesenter. Her fekk vi først og fremst mogelegheit til å kjøpe bøker til semesteroppgåva, men det var nok tid til overs til både kleshandling og italiensk is.


Turen bar så vidare til togstasjonen. Vi pressa oss gjennom folkemengda med koffertane på slep og fekk omsider kvile på perrongen. Etter over tre veker i Kenya byrjarn koffertane å  bli store og tunge. Det var difor ikkje så lett å få dei gjennom dei smale korridorane på toget, der det ikkje ein gong var plass til at to slanke menneske kunne møtast.


Lugarane var som tatt rett ut i frå 2. værdskrig med militærfarga sengeklede og sparsommeleg belysning. Å gå på toalettet i det humpete toget var og ei utfordring, spesielt sidan toalettet berre var eit hol i golvet (kanskje er det slik dei smører togskinnene i Kenya?!).

Glade studentar i kupeen sin.
Medan det framleis var dagslys stod vi vindauga og betrakta livet langs togskinna. Somme stadar bur folk faktisk så nær togskinna taket på "husa" deira nesten skrapar inn i veggen til toget. Då det byrja å bli mørkt høyrde vi at nokon ringte i ei bjelle; no var det tid for mat. Vi vart servert tre-retters middag om ikkje fire-stjærnes.



Vi gjekk tidleg til kvelds denne dagen, og vart dyssa i søvn av den "jamne" vugginga til toget. Klokka 06.30 høyrde vi nok ein gong matbjella ringe, og det var no tid for frukost. Etter rutetidene skulle toget vere framme ved togstasjonen i Mombasa klokka 09.00, men no var vi visst på Afrikatid. Brått stoppa nemleg toget, for lenger framme hadde nemleg eit anna tog spora av. Då vi spurde kor lang tid det ville ta  fikse dette fekk vi til svar: Not years, not months, not weeks; but at least three hours! Så her var det berre å smøre seg med tolmod. Heldigvis har Odd Ragnar gode kontakter slik at vi likevel kom fram til hotellet medan det framleis var dagslys. Gleda var stor då vi såg dei kjende bussane frå Jambo Travels som nærma seg det stilleståande toget.

Toget stod veeeldig stille!
Endeleg framme i Mombasa takka vere Jambo Travels.
På veg til hotellet måtte vi ta ferje, og slik ser altså ei ferje ut i Afrika.
Nokre timar seinare var vi altså framme ved hotellet i Mombasa der vi vart tekne imot med kalde omslag, forfriskande leskedrikk og all-inclusive band på handa. Resten av dagen fekk vi nyte i sola mellom bassenget og stranda.




Klem frå Alice og Lisa<3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar