onsdag 30. mars 2011

Siste dag i Nairobi

Då nærma eventyret seg slutten og alt vi ikkje hadde fått gjort til no, skulle gjerast denne dagen. Dagen starta med ein relativt sein frukost før vi la i veg på første tokt; Uchumijakt på leit etter kenyanske fotballskjorter. Vi datt raskt ut av telling, for butikkane vi besøkte var mange, men det viktigaste var at jakta vart vellykka - dei fleste av oss fann det dei leita etter. Tokt nummer to denne dagen var besøk på Karen Blixen museet, ikkje langt frå der vi budde. Karen Blixen var ei dansk baronesse som dreiv ein kaffiplantasje i Nairobi under kolonitida. Ho var ei stor dame for lokalbefolkninga, og den dag i dag er eit område i utkanten av Nairobi oppkalla etter henne. Filmen "Out of Africa" omhandlar livet hennar, og vart spelt inn på det området Karen Blixen Museet ligg i dag. Romantikarane og dei største filmelskarane av oss (les: Lisa og Beate) måtte sjølvsagt ta turen hit. Fleirtalet av dei gjenverande hadde på førehand blitt lurt til å sjå den tre timar lange spelefilmen, og meinte dette var meir enn NOK ;)  Lisa og Beate returnerte eit par timar seinare tilbake med stjerner i augene og Karen Blixen i hjartet, godt nøgde med eit fint besøk.

Innimellom slaga gjekk mesteparten av dagen med til soling, blogging, deling av bilete, pakking, eting og avslapping. Vi hadde vanskelegheiter med å innsjå at den siste dagen i fantastiske Afrika snart var over for vår del. Den siste månaden hadde gått så alt for fort og snart venta pensumlesing, oppgåveskriving og tjukkeragga. Sjølv om vi alle gleda oss til å kome heim, var det med tungt hjerte og tårer i augekroken at vi ei lita stund før midnatt sa kwaheri (på gjensyn) Scripture Mission, og sette kursen mot flyplassen.

Sripture Mission <3
Klem frå Isabell, Lisa og Anne <3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar