torsdag 24. februar 2011

Dag 18

Onsdag 23.02.2011


Siste skulebesøk i Kenya

Som vanleg tidleg morgen, stod opp halv 6. Var på veien 06.43, nokon i halvsvime, andre kvikke og opplagde etter ein iskald dusj. Turen gjekk til Muranga og Kahita secondary school, og dette var vårt siste skulebesøk her i Kenya. På skuleplassen vart vi møtt av 500 forventningsfulle elevar, rektor, lærarar og sikkerheitssjefen for distriktet. Etter takketalar og bøn fekk vi høyre den kenyanske nasjonalsongen. Deretter var det vår tur, og vi stemte i med "Ja vi elsker" og vår tostemte versjon av "Alle fugler" til stor jubel frå elevane. Etter litt somling og om og men vart vi tildelt kvar våre klasser og kunne gå til dei ulike klasseromma.


Alle dei 500 elevane under morgonbønen.

Frøken Jannike og frøken Anne underviser om Noreg.

Undervisninga gjekk greitt for dei fleste, men mange fekk vanskelege spørsmål å bryne seg på. Etter undervisninga var det vår tur til å observere korleis dei kenyanske lærarane underviste, men slik vart det der i mot ikkje for alle. I ei av klassene vart Silje og Ida Mari plassert blant elevane og måtte løyse matteoppgåver. Dei prøvde å protestere, men det nytta ikkje. Læraren hadde sett seg det at no skulle han verkeleg drille desse jyplingane frå Nord, og var borte å sjekka at dei gjorde sinus- og cosinusoppgåvene sine rett opp til fleire gongar i løpet av skuletimen. Då klokka ringde var det tid for te. Beate har lagt sin elsk på denne tradisjonen og gler seg til kvar tekopp med mjølk i, medan fleire prisar seg lukkleg over at dei også har pulverkaffi i Kenya. Under tepausen var det som vanleg også tid for "interaction with the teachers". Etter kvart som " interactionen " skreid fram kom både fleire frieri, ynskje om å få kome på besøk til Noreg og e- post adresser på banen, og som vanleg fekk vi sveittebyer og måtte ty til kvite løgner for å ro oss ut av uføret. Etter kvart fekk vi kome ut og lufte oss og sjå oss rundt på skuleområdet.


Denne dagen hadde visst alle på internatet bestemt seg for å vaske kle...;) Turleiaren i front.

Alice og Ingrid har funne bananar!

Som fleire av skulane vi har besøkt var det også her ein gard på skuleområdet som forsynte skulen med mat og litt ekstra inntekter. På farmen dyrka dei både mais, kål, bananar, te og for til kyrne. På skulen er det internat for jentene, medan gutane må gå heim etter endt skuledag. Hensikta med denne forskjellsbehandlinga er å prøve å hindre at jentene droppar ut av skulen p.g.a. graviditet, tidleg giftemål o.l. Etter omvisninga var det tid for meir "interacton", og dette vart ei lystig stund med høgt lydnivå og mange rare spørsmål. Ein lurte på om det fanst feite folk i Noreg, og ein annan hadde fått føre seg at snømenn var levande. Deretter var det igjen tid for takketalar og bøn. Beate tok dessutan mot til seg å heldt ein flott takketale tilbake på vegne av studentane.


Etter vel gjennomført skulebesøk, var neste post på programmet ein kaffifabrikk der vi fekk ei grundig innføring i kaffiproduksjon. Vi fekk sjå korleis prosessen går føre seg frå innhausting av kaffibær på treet til ferdig tørka kaffibønner i sekkar. Besøket var både interessant og lærerikt, men Kari Britt var litt snurt fordi besøket ikkje vart avslutta med ein kopp ekte kenyansk kaffi.

Kaffibær.

Sortering av kaffibæra. Sprek stil!

                             Nokon er svært forbløffa over det kaffimannen fortel, andre er ikkje like interesserte... 

Kaffibær til tørk. Spanande saker!


Med eit par kaffibær i lomma sette vi oss i bilane og køyrde til Nyeri, der vi skulle overnatte denne natta. Vi kom fram til Green Hills hotel i 5 tida, og oppdaga fort at dette var ein fin plass å vere med både badebasseng, treningssenter, spa, skjønnheitssalong og barberar. Dagen vart avslutta med nydeleg middag, dessert og oppsummerende prat om dagen.



Klem frå Ingrid og Kari Britt.


Ps. Der gjekk føre seg eit grovt tjuveri av kaffibønnar i dag av studentar (ca ein neve)... :)

1 kommentar:

  1. Var nok Kari Britt som var ein av dei tjuvane der tenke ej :DD

    SvarSlett