mandag 7. februar 2011

Vegen til Nairobi

Litt opplysningar frå reisa: Reisa gjekk rimeleg greitt til Istanbul. Flya og flymaten var ikkje å klage på. Istanbul fekk vi sjå lite av, sidan vi vart ropt opp med ein gong, og hasta inn til gate ”trituwån” på grunn av tidlegare forsinkingar. Ingen skjønte kvar dette var, men vi fann heldigvis fram til slutt. Augo vart store i det vi gjekk om bord i flyet til Nairobi.
Silje N, Alice og Anne

Flyet var digert, og kvart sete var utstyrt med kvar sin TV med både filmar, musikk, seriar og spel. For å rekke gjennom alt på skjermen, fekk vi ikkje tid til å sove. Stakkars Ida Mari brukte om lag 4-5 timar på å sjå ein film på litt over ein time, fordi setekameraten, Silje N, var så pratsam. Dette var fordi ho ville fortelje om alt det spanande ho fann på TV-skjermen, sjølv om Ida Mari hadde same funksjonar.

 Jannike i full gang med visumsøking..

Alle fekk innvilga visum, samt at Ida Mari og Kari Britt fekk frieri på kjøpet (av same mann). Odd Ragnar stod klar på flyplassen med minibuss som frakta oss til SMCC (vår base). Klokka var no blitt 03.30 (lokal tid), og alle gjekk rett i seng.

Av Silje N og R og Karoline.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar