onsdag 16. februar 2011

Dag 6

Som nemnt starta denne dagen tidleg..! Vekkarklokka ringte klokka 05.00 og vi gikk så og seie i søvne til frukost. Etter ein oppfriskande frukost satte vi oss i bilen klar for ein heil dag på veiane. Når dagslyset endeleg kom, kunne vi nyte den noko annleis, men likevel vakre naturen. Etter kvart kunne vi skimte noko vi burde kjenne til, og det dukka opp fleire spørsmål om dette var noko Odd Ragnar har undervist om. Og jammen hadde vi rett, for foran oss hadde vi nemleg Rift Valley! Dette er ei imponerande kløft laga av naturen sjølv. Så stor og imponerande at vi faktisk kan sjå den frå verdensrommet.

Panoramabilde av Rift Valley!
  
Anne, Lisa, Anita og Beate klar for ein lang biltur!
 
På veien kryssa vi Ekvator, noko som MÅTTE dokumenterast grundig. Det var også viktig for tuppegjengen å ta eit ”familiebilde” her. Det er jo ikkje kvar dag ein kryssar Ekvator!


Heile gjengen ved Ekvator

"Familiebilete" av tuppegjengen

Vidare på turen fekk vi sjå blikk av kvardagen til det kenyanske folket, noko som gav enda fleire nye inntrykk. Det kan ein aldri få nok av i eit land som dette. Afrikanske dyr blei også observert, både sebra (på lang avstand) * 16, bavianar * 8, små apar * ca 15, og esel * 184..!



Etter ein flott lunsj ved veikanten, med både leiting etter do (= dekkande busker), mating av ku i band og passering av eit gravferdsfølge, følte vi oss klare for å fortsette på kjøreturen. Når vi kryssa grensa til Pokot området, såg vi ei betraktelig auking i antall kyr og geiter. Seinare fekk vi lære at desse dyra har ein sentral plass i denne kulturen, og viser status og rikdom for dei som eig dei. Vi hadde tidlegare høyrt om dårlege veiar i Kenya, men vi tenkte at desse ikkje kunne vere værre veiane heime i Norge. DER tok vi jammen feil!!



Slike skilt skulle det vore fleire av...

Full last

Kartlesing på gang!


Etter å ha kjørt på seterveiar i Norge * 10 i eit par timar, kunne vi stavre oss ut av bilane med nokså ”godt” masserte lår og bakender. Då var vi vel framme i Chesta, der vi skulle overnatte i Chesta Guesthouse. Etter ein kjøretur på vel 13 timar la vi oss trøtte, men ganske spente for nye eventyr neste dag!

Helsing frå Isabell og Jannike

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar