torsdag 24. februar 2011

Dag 17

Tirsdag 22.02.2011

No skal vi bli bønder, alle i hop!!!!
I dag skal vi møte åtte studentar i får Keniatta Universety for å besøke eit meieri og ein gard. På meieriet fekk vi informasjon om kva dei arbeida med, før vi fekk ei omvising på området. Dette meieriet var eit kooprativ, det fungerte slik at så lenge bonden var medlem fekk den levere mjølka den produserte. Medlemmane kunne produsere alt i frå 1 liter mjølk til 400 liter. Då leverte ein inn mjølka på ein av dei 37 samlestasjonane meieriet hadde. Meieriet kom å henta melka med lastebilar. Inntrykket vi fekk av det kooprative meieriet, var svært bra. Det gjer til at bønder med ulike størrelsar på gardsbruka, kan tjene pengar. Meieriet gav bøndene kunnskap om korleis drive mjølkeproduksjon, gi råd om mjølka er dårleg og veterinærtenester. Spesielt morosamt var det at vi fekk sjå igjen sukkerklumpane som vi såg produksjonen av på sukkerfabrikken. Desse sukkerklumpane blei smelta til melasse og brukt i ei dyreforsblanding. Dette var fòr som bøndene kunne kjøpe frå meieriet. Varer og tenester frå meieriet som bøndene nyttar seg av blei avrekna i slutten av månaden mot levert mjølk.

Vidare frå meieriet reiste vi til ein gard der dei dreiv med fleirbruksdrift. Her møtte vi ei dame med verdas største smil og blidaste ansikt, det lyste av ho at ho trivst med arbeidet. Ho hadde jobba på garden heile livet sitt, og for tre år sidan når mannen pensjonerte seg blei han med på drifta. Vi fekk først eit innblikk i mjølkeproduksjonen som dei dreiv på garden. Dei hadde tre kyr som dei mjølka tre gongar for dagen. Ei kyr mjølka ca 25 liter mjølk per dag. Denne dama var medlem av kooperativet og leverte mjølka der. Vi fekk også høyre at ho hadde fått tatt lån med kooperativet slik at ho kunne sende ungane sine på universitetet. Vidare fekk vi sjå korleis ho brukte kumøkka til å lage biogass. Dette var eit fantastisk system som dei fleste burde misunne oppfinnsomheita til. Den gassen ho fekk samla opp var nok til å kunne koke mat i to timar. Vidare fekk vi sjå åkerane og drivhuset hennar. Der ho hadde ulike grønsaker og frukter som tomat, bønner, pasjonsfrukt, bananar o.l. Vidare viste ho stolt fram komposten sin, som blei til jord på ca 1,5 månad. Vi blei alle sjarmerte av denne fantastiske dama, hennar oppfinnsomheit og sjarm. Etter besøket skulle vi vidare til Keniatta University for å ete lunsj. Sidan norske magar skrik etter mat og trafikken er stor i sentrum skulle vi ta ein snarvei. Noko som viste seg å vere nok ein humpete veg, ein snarvei på 2,5 timar. Når vi endeleg kom fram til det store samfunnet Keniatta University med rundt 25 000 studentar fekk vi ein nydeleg lunsj. Under lunsjen blei vi grilla av nysgjerrige studentar med spørsmål som innehaldt både bokstavar, tal og prosent. Noko norske varme hovud prøvde å snakke seg «rundt grauten».

Sidan vi i løpet av dagen hadde gått i Kenyatid blei undervisninga om jordbruket avlyst og vi hoppa rett på gruppearbeidet der vi snakka om dagens hendingar. Vidare seie vi oss heilt einige med studentane frå KU som var svært imponert over professor Odd Ragnar, undervisninga hans og at han virka så engasjert i faget. Dagens program blei avslutta med oppvisning av tradisjonelle musikkinstrument frå Afrika. Der vi etter kvart fekk hive oss med ut i rytmane og dansen. Denne natta overnatta vi på gjestehuset på universitetområdet.

Av gjengen som var igjen på hotellet

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar