torsdag 24. februar 2011

Dag 16

Måndag 21.02

I Kenya startar dagane alltid veldig tidleg, noko også vi har fått erfare. Dagen starta med frukost klokka 06.00 og vidare med buss til FN – bygninga i Nairobi. Då vi ankom bygninga, blei vi møtt av strenge sikkerheitsvakter med både skuddsikre vestar og pistolar. Denne dagen var næmleg opninga av miljøkonferansen, som skulle vare i 4 dagar. Den kenyanske presidenten skulle også vere til stades, noko som gjorde at sikkerheitskrava var strengare enn vanleg. Men så lite farlege som ein flokk med unge jenter og éin gut ser ut, gjekk vi ganske glatt gjennom.






Vel innanfor murane blei vi møtt av ein norsk ansatt i UN HABITAT, ved namn Jon Andreas Solberg, som skulle følgje oss resten av dagen. Programmet hans starta med ein rundtur på området rundt FN – bygninga, der vi blant anna fekk sjå dei nye kontorbygningane til dei ansatte, minnesmerket etter at den amerikanske ambassaden blei bomba i 1998, treningssenteret og kafeteriaen. Etter denne rundturen var det klart for ein liten kaffikopp i restauranten. Mens vi satt der og naut kaffien (og enkelte glana på servitørane), blei det etter kvart ”diskré” diskutert om det var noko kjent med personen som satt nokre bord bortom oss. Etter litt meir glaning kunne vi konkludere med at denne personen var ein særs kjent skodespelar, næmleg Edward Norton. Denne opplevinga blei eit høgdepunkt for mange av jentene og det tok lang tid før Odd Ragnar klarte å roe dei ned (noko han var ganske uforståande til). Dette blei også avslutninga på denne historia, ettersom vi måtte gå knisande forbi han for å fortsette programmet vidare.




Turen gjekk til hovudkonferansesalen der det seinare skulle samlast miljøministarar frå heile verda, også frå Noreg. Mens vi satt på restauranten tidlegare på dagen, fekk vi forresten sett bilen med norske flagg, men Norton forstyrra oss såpass mykje at vi ikkje fekk noko blikk av sjølvaste ministeren. Etter dette forflytta vi oss til dei nye kontorbygningane, der det var klart for forelesingar om UN HABITAT og arbeidet deira. Dette skulle vise seg å vere veldig interessant og vi gleda oss til å sjå dette med eigne auge i slummen Kibera seinare på dagen.



Programmet vidare var lunsj ved bassengkanten i treningssenteret til FN – ansatte, der det frista mest med ”junkfood” etter mange dagar med ris på menyen. Etter å ha svetta litt i sola snudde vi nasen mot slummen. Første besøk var eit søppelprosjekt, styrt av folk buande i slummen. Dette prosjektet gjekk ut på at dei samla inn søppel i området rundt, for så å sortere ut plasten. Plasten blei vaska og kutta opp, slik at dei kunne selje det vidare. Dette utgjorde levebrødet til fleire av dei arbeidande og bidrog også til å halde slummen meir fri for søppel. Dagleg leiar fortalte oss også om vidare planar for utviding og forbetring av prosjektet, noko vi syntes var veldig positivt å høyre. Turen gjekk deretter vidare inn i slummen der vi møtte viktige personar som jobba med å forbetre livet der. Dei viste oss ulike prosjekt som dei hadde jobba hardt for og som var på god vei til å bli oppnådd. Dette var mellom anna ein asfaltert veg gjennom denne delen av slummen, eit helsesenter som skulle gi behandlingstilbod til barn i slummen og eit offentleg sanitæranlegg. Gjennom dette såg vi at det blir gjort arbeid for å forbetre livet i slummen, og at det også gir gode resultat. Grunnen til at vi besøkte desse prosjekta var at UN HABITAT støtta dei med enten midlar eller maskiner. Vi ser her at arbeidet til UN HABITAT er viktig for mange i slummen og at det gir håp og moglegheiter for mange. Vi fekk altså eit godt innblikk i korleis arbeidet deira påverkar livet til dei som bur i slummen.









På veg heim til Kawaal bestemte bussen seg for å halde seg i første gir. Dette gjorde turen ekstra lang og varm, og vi såg fram til ei kald brus, middag og ikkje minst ein dusj. Etter nesten to timar i bussen var vi veldig glade då vi kunne kjøre gjennom porten til Kawaal. Her venta Fanny og Bjørn Gunnar på oss, som hadde vore igjen der denne dagen. Dei skulle ete middag saman med oss før dei måtte reise til flyplassen og vidare heim til Noreg. På grunn av helsemessige årsaker var det best for Fanny å reise heim, og det passa dermed godt at også Bjørn Gunnar skulle reise denne dagen. At Fanny dessverre måtte reise ifrå oss var svært trist og ho kjem til å bli sterkt savna blant gjengen. Vi skulle så gjerne ha hatt deg med resten av turen også! Men vi lover å ta mange bilder til deg, Fanny. God bedring!

Etter ein trist avskjed måtte vi pakke sekkane våre igjen, sidan ei tidleg avreise til Kenyatta University venta oss neste dag.

Helsing Isabell og Jannike.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar