torsdag 24. februar 2011

Dag 14

Safari
Lørdag 19.02.2011

Vi vakna godt utkvilte etter ei hærleg natt i telta våre. Det var magisk å sovne til alle ”jungellydane”, men ikkje fult så hærleg då Lisa, Anita og Alice vakna til krafsing i teltduken klokka 04.30 om natta. Etter litt småhysteriske tendensar og slangeprat, kom vi fram til at det måtte vere den lille kvite musa som hadde overraska Lisa i dusjen før på kvelden, og vi kunne difor sove trygt vidare. Etter ein god hotellfrukost med både sjølvkomponert omelett og dessert til, sat alle i bilane klare for ein ny dag med safari. Med ”fingers crossed” (noko som var svært viktig i følgje sjåføren vår) suste vi utover viddene, og det tok ikkje lang tid før vi traff på ein stor flokk med bøflar som var i full gong med frukosten. Vi havna plutseleg midt i flokken og fekk tatt mange artige bilete av dei morgongretne dyra.


Etter ein del knipsing kjørte vi vidare, og spenninga var stor når vi skimta eit digert dyr i det fjærne. Kunne det vere ein elefant, flodhest eller kanskje ein forvokst bøffel? Til vår store overrasking viste det seg å være eit digert, svart nasehorn!! Dette er visstnok eit svært sjeldan syn i Masai Mara, så vi var visst kjempeheldige som fekk nærkontakt med den.

Vi hadde knapt nok rukke å få pulsen ned att då vi møtte på ein einsleg gepard. Det flotte dyret sette seg ned på ein liten jordhaug, og det verka nesten som at den hadde lyst til å bli fotografert. Vi kjørte bilane svært nærme der den låg og kosa seg, men det verka ikkje som at den brydde seg om dei nærgåande nysgjerrige studentane. Vi var ikkje mange meter unna då geparden bestemte seg for at fotoshooten var over og sprang i veg.

På safari må ein følgje godt med, for før du veit ordet av det sprett det fram eit dyr. Det kom overraskande på oss då det plutseleg stod ei hyene i vegkanten, og deretter ein sjakal. Ein må og sjå opp for små vortesvinungar som ikkje har lært seg trafikkreglane enno. Med vind i håret og sand i auga bar det vidare. Vi sette kursen mot Tanzania, der det vart ein småskummel dopause. Det er ikkje godt å vite kva som luskar i buskene i bushen…!

Somme vart sjokka då dei innsåg at alle måtte gå ut av bilane for å ta ein nærare titt på dyrelivet langs elevbredda. Her levde flodhestane og krokodillene side om side (sjølv om naboforholdet var kjøligare enn temperaturen i vatnet). Vi stod heldigvis på trygg avstand, og kunne derfor ta mange morosame bilete.


Det var ikkje før vi var på veg tilbake til bilane at vi fekk vite at ei løve hadde blitt observert i nærleiken berre nokre minutt tidlegare. Når alle sat trygt i bilane kunne jakta etter løvene ta til for fult. Sjølv om vi dagen før kunne skimte nokre løver i det fjærne, var det no stor spenning i lufta. Alle kryssa fingrane og håpa på eit nærare møte med kongen av slettene. Vi spissa øyrene godt då walkietalkien spraka ut noko som kunne høres ut som ”Zimba! Zimba!”.
Bilane tok ei brå vending og på vegen mot destinasjonen møtte vi både sjiraffar og elefantar


, men safarien var ikkje fullkommen før vi fekk auge på den store oransje manken (som låg halvvegs gøymt i buskene). Til vår store glede bestemte løva seg for å gå ei aldri så lita mannekengoppvisning mellom bilane våre. Ikkje langt unna sat det nokre løvinner og beundra dei flotte, staute karane sine.
Bilete: LØVE

Då memorycarda våre byrja å bli fulle nærma det seg slutten av safarieventyret. Etter ein ”liten og beskjeden” lunsj i den bugnande buffeen, sette vi kursen tilbake til Nairobi. Etter ein lang dag med fantastisk finever vart vi brått overraska av ei voldsam haggelbyge…vi kjende nesten eit snev av heimlengsel. Litt artig å oppleve sånt ver i Afrika også. Då den lange bilturen var over var det deilig å komme fram til Nairobi, der vi fann oss godt til rette i Cawal Guesthouse.

Helsing Alice og Lisa

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar