onsdag 16. februar 2011

DAG 10


Dagen starta med eit HURRA, det var nemleg brødskiver til frukost. Når klokka bikka 09.00 byrja dagens gjeremål. Fyrst var det føredrag om Pokot-kulturen med Kjell Strømme. Tema som kom opp var utdanning, religion og tidssynet til pokot-follket. Her snakkar vi ikkje klokke!! Vi vart veldig fasinert over namntradisjonen, felles for alle kvinner er at namnet byrjar på Che, og blant mennene byrja namnet på P. Og vidare har kor du er født og evt tidspunkt noko å seie fir resteb av namnet ditt. Så dersom du er jente og blei fødd ved døra(!) blei namnet ditt Chepkukat. Elles er det heilt normalt at mora har eit eige kjælenamn på barnet sitt, eit såkalla ”hemmeleg namn”. Men det som er enda meir fascinerande er at kvinnene får ei ekstra staving i namnet sitt når dei får barn og barnebarn. Så det var storstas å ha stavinga KAMA eller KO, då er du signa med både born og borneborn. Sjå for deg alt papirrotet når desse kvinnene skal bytte Id-papirer (hehe).

Debora Katina heldt eit utroleg spanande og skramande føredrag om omskjering av kvinner både på generelt plan og hjå Pokot-folket. Vi fekk lære så mykje av denne sterke kvinna, men vil spare dere for detaljer. Men det var ikkje lett kost, det kan vi love dere. Daniel i løvehula måtte ynke seg nokre gongar, og det var han ikkje åleine om.

CABESI : Camel, Bees and Silk – factory.
Eit prosjekt grunnlagd av ein ambisjonsrik sveitsar med bart og pipe i baklomma. Denne mannen har opplevd mange oppganger og nedganger med fabrikken, men var framleis ved godt mot og hadde neste prosjekt klart. Han innførte nye produkter (silke og kamel) og arbeid som kunne passe i området. Det viste seg å vere noko misslukka då dette var framand for folket og lokalmiljøet høvde seg ikkje i tørketida. Elles vart det shopping av honningprodukter og tørka mango.

The school of ART
Etter eit ”kjapt” besøk på CABESI tok vi turen innom Odd Ragnars gode ven og Kenyas mest ettertrakta kunstnar; Alfred. Dette var ein svært blid businessmann/kunstar som tente godt på fattige studentar frå Noreg. Her fekk vi kike på og kjøpe såkalla typisk ”Alfred-kunst”, med klare fargar og svarte strekmenn. Astri skulle vere smart kunstkjennar og spurte han ut om kvifor menneska var så tynne og ”strekete” og venta seg ei stor utgreiing om temaet. Men svaret ho fekk var ” IT’S FUN!”. Vidare spurte ho om kvifor han berre brukte så klare og reine fargar, og svaret her var ”PEOPLE LIKE THEM!”. Enkelt og greitt.

kunstshopping på gong..
Elles var studentflokken gode og svoltne når dei kom attende til KBC og gledde seg til ein etterlengta god middag. Lunsj klokka 13.00 og middag klokka 20.00 = hungersnaud. And what happends? (as they say here) vi blei kasta ut av matsalen av nokre pensjonerte misjonærar frå Karmøy (ein teori). Vi tok det sjølvsagt med godt mot. Vidare viste det seg at folket i tillegg hadde ete opp nesten all maten. Takk og pris for gratis brus neste dag som plaster på såret.

I tillegg må vi nemne den o’store klesvasken. Det var nemleg ingen suksess. Greitt nok at våre sveitte fjellklede blei vaska for hand, men vaskarane trengte vel ikkje å straffe oss med å blande Fanny sitt nye blåe skjørt inn i all kvitvasken. Dette blei motteke med både latter og tårer, og vi kan vel seie at gatebarna her får mange kvite klede med blå flekker;) HELL I UHELL?

Daniel og Astri

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar