onsdag 9. februar 2011

DAG 4: Skulebesøk

I dag starta dagen som vanleg klokka seks:D Begynder å bli ein vane dette no. Det er rart, det virkar som vi har vore her i fleire veker. Ikkje fordi det har vore kjedeleg, men det har vore nokre svært innhaldsrike dagar her. Frukost kl 0630, tideleg for mange dette, men vi kom oss avgarde nesten tidsnok, ein person var savna ved avreise. Hadde hatt eit lite samanstøyt med ein lokal innbyggjar. Fuglar kan vere noko drit.....

8 klasse Uhuru Garden primary school

Reisa til Uhuru Gardens primary school gjekk raskare i dag enn i går, vi kom til avtalt tid. Klokka 8.00 blei vi ønskt velkommen av rektor og elevane ved skulen. Så var det i gang med undervisninga, der var veldig mange blivande lærarar som var kjempe nervøse. Klassene vi skulle undervise var frå 6 til 8 klasse. Evalueringa etter undervisninga viste at ingen hadde noko å frykte. Alt hadde gått kjempe flott.

Kari Britt og 8.klasse

Engasjert, vitebegjerlige og positive elevar gjorde dette til ein positiv praksis for oss lærarstudentar. Dei var så interesserte i å få vite korleis det er i Noreg. Ei utruleg oppleving, eit veldig engasjement og disiplin i klasserommet, som ein lærar i Noreg berre kan drøyme om. Vi fekk også vere med på å observere den klassa vi hadde undervist i.
Som avslutning på oppholdet vårt på Uhuru Gardens Primary School, fekk vi tid til å snakke med lærarane om korleis dei opplevde å være lærar her i Kenya. Mange spørsmål fekk vi òg frå ei som tydleg kunne tenke seg å reise til Noreg og arbeide som lærar. Eit anna spørsmål som dukka opp var om vi som lærar i Noreg hadde råd til eigen bil.
Vi ville heilt til slutt vise skulen våre synge ferdigheiter. Derfor vart det bestemt at vi skulle synge Ja vi elsker. Etter prøvesynging i bussen på vei til skulen fann vi ut at vi måtte synge 1, 7 og 1 verset om igjen på grunn av at ingen, utanom Odd Ragnar kunne dei tre siste linjene på vers 8. Vi trur ingen merka det !! Litt spakt vart dette, men avslutta med glans med songen «Alle fuglar». Etter at Odd Ragnar har forklart at fuglane i Norge fly sørover til vinteren og kjem tilbake ti våren:D


Helsing til ei klasse heime i Noreg

Brev til Silje og Ida Mari frå ein elev


860 elevar samla under sola

Då vi kom tilbake, måtte vi ein blid opplagt lærar som kom til Nairobi i natt, nemleg Bjørn Gunnar
Lunsj 1330 og mange fekk nyte sola og bassenget. Men ikkje Fanny, ho har fått eit utbrot enten soleksem eller allergi. Veldige usikre alle «mann», så ho må ligge på rommet uten sol. Trur ikkje ho synest det er noko kjekt nei...
.
Jostein Holmedal og Simon, holdt foredrag om «Kenya i dag».. Simon er oppvaksen i Kibera slummen, han har kome seg derifrå og no arbeidar han som lærar. Han har og jobba med eit prosjekt i forhold til gatebarn. Dei fortalde om forholda i Kenya frå president Kenyatta sin død til dagens samfunn. Dei synleg gjorde forandringane landet har vore gjennom. Mange spørsmål var etter kvart stilte, av nyfikne studentar som ville ha stoff til prosjektoppgåva si. Kari Britt greidde jammen å tigge seg til eit galleri besøk i Keiberaslummen. Prosjektoppgåva ho skal skrive dreiar seg nemlig om samtidskunst i Kenya.

Stor jubel vart det når vi kom til middag i dag kl 1900. Spaghetti, trur mange er litt leide av ris, no etter berre 4 dagar her, korleis skal dette gå???????

Dagen blei avslutta med quiz. Team Ice – med i denne gruppa er; Silje N, Alice, Ingrid

Fanny og Kari Britt

RULL FILM!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar