onsdag 16. februar 2011

Dag 7 og 8

Etter ei varm, og for nokon vel mødasam natt i Chesta, vakna vi opp til strålande solskinn. Fleire av oss fekk i løpet av natta kjenne på kroppen at vi hadde bevega oss ned i lavlandet, då temperaturen var eit par grader høgare enn vi var vane med. Enkelte (les Ingrid) fekk rett og slett heiteslag, og måtte tilbringe store delar av natta på verandaen, lettare antrukket, i eit forsøk på å nå normal kroppstemeratur. “Ej trur ej omkjøme!”

Første post på programmet laurdags morgon var besøk på helsetasjonen i Chesta. Her fekk vi omvisning, og eit lite innblikk i deira arbeid og virke. Legen fortalde oss blant anna at dei i løpet av ei veke kunne ha opp til 20 tilfeller av malaria, noko som gav oss ein peikepinn på kor store utfordringar dei står ovanfor. Helsestasjonen dekte eit stort område, og trengande kom langvegsfrå for å få behandling.

Etter besøket på helsestasjonen vart vi plukka opp av våre kjære sjåførar, som køyrde oss til markedet i Lomut. Her fekk vi sjansen til å oppleve eit genuint afrikansk marked som finn stad kvar laurdag. Det spesielle med dette markedet er at folk frå fjellet og steppene møtest for å utveksle varer slik dei har gjort i generasjonar. Markedet har difor ikkje det typiske turistpreget ein finn mange andre stadar. På markedet var det mellom anna moglegheit til å kjøpe seg dyr, mat, kle og spikar. Ein teppeselgar tjente gode pengar på oss, då alle handla seg til det ein trudde skulle bli ei kald natt på fjellet. Anne og Beate nytta høvet til å kjøpe eit tradisjonelt afrikansk smykke (krage). Anne, lettlurt som ho er, kjøpte sitt for det dobbelte av den prisen Beate fekk pruta seg ned på. Stolt og kry av sitt nye smykke, tusla Anne nøgd mot bilen. Dette til stor underhaldning for dei innfødde. Kari Britt og Fanny fann seg godt til rette i det store utvalet av fargerike stoff, og fekk med seg ei mengd godbitar heim. Sandalar laga av brukte bildekk var det derimot ingen som våga seg til å kjøpe.
Blid gjeng på marked

Etter markedet var tida komen for fjellturen til Sakat, som vi på forhand hadde høyrt så mange skrekkhistorier om. Skrekkhistoriene inneheldt blandt anna harde jordgolv, lite søvn og edderkoppar. Men før vi kom så langt, skulle turen opp by på utfordringar. 55 grader i sola, og oppunder 40 i skyggen var ein prøvelse for dei fleste (til opplysning fekk Beate melding heiman i frå om ein temperatur på – 20 grader. Det er 60 grader i forskjell det!). Når vi i tillegg skulle klatre vel 1200 høgdemeter oppover, er det ikkje vanskeleg å forstå at nokre måtte kaste inn handkledet. Det var med eit skjær i gleda at resten av gjengen heldt fram med klatringa oppover medan nokon måtte snu. For nokon forverra tilstanden seg etterkvart som vi kom opp i lia. Vi beundrar alle pågangsmotet til Astrid og Isabell som trass kvalme beit tenna saman og kom seg opp.
Vi vandrar med freidig mot :)

Ei stund etter at sola hadde gått ned nådde vi målet. Her vart vi delt i to grupper og gjekk til kvar vår familie. Vi merka frå første stund at dette var eit svært gjestmildt folkeslag. Gruppa vår vart servert ein nydeleg middag, før vi trakk oss tilbake for å slappe av i hyttene våre. Men denne roa skulle ikkje vare lenge. Plutseleg stivna ansiktet til Lisa, og vi fordtod raskt at vi hadde fått ubudne gjestar - eit stort edderkoppliknande kryp! Anne heldt seg for auga, Jannike hylte, Isabell sprang på døra og Beate var lur nok til å kome seg unna. Alt ståket førte til at vertane våre kom og lurte på kva som stod på. Med halen mellom beina måtte vi be dei stakkars jentene på 13 om å utslette uhyret for oss, til stor latter for heile tunet. For nokre barske nordmenn! Også den andre gruppa fekk helse på våre fleirbeinte vennar då Fanny og Karoline skulle prøve ut dofasilitetane. Fanny var den modige, og gjekk først inn på do med hovudlykta på. Då kom tre skapningar hoppande opp av doholet. “EDDERKOPPAR” skreik ho, og skremde Karoline nedover skråninga. Som de ser på biletet avdekte hovudlykta etterkvart fleire slike kryp. Resten av dobesøka foregjekk utandørs for å sei det slik.
Innbydande do med kjæledyr :)

Det skulle vise seg at dei to gruppene hadde hatt nokså forskjellege opphaldet på fjellet. Gruppa vår fekk servert god mat, sengar å sove i, og til og med slakta ein hane til ære for the white visitors. Den andre gruppa måtte derimot ta til takke med jordgolv, bastmatter og enkel servering.

Anne og minstejenta i tunet vi budde på..

Søndags morgon ringte vekkerklokka klokka fire. Det var på tide å stå opp og legge i veg for å nå soloppgangen frå Mount Kogh, cirka 2700 m.o.h. Det vart ein flott tur i mørket. Raudfargen kom snikande etter som vi nærma oss toppen, og vi fekk ein flott opplevelse - bileta talar for seg sjølv.

Gjengen på toppen av Mount Kogh


En soloppgang vel verdt strevet opp mot toppen

Isabell i soloppgang

Utsikt ned mot landsbyen vi budde i frå toppen av Mount Kogh

 Etter frukostservering var det tid for kyrkjebesøk, noko som var ein heilt annan opplevelse enn å gå i kyrkja i Noreg. Mykje song prega av rytmer, trommer og fleire stemmer gav sterkt inntrykk, men for ein sliten gjeng var det vanskeleg å halde seg vakne i den varme kyrkja. Etter kyrkja fekk vi igjen ein liten matbit, før vi vende nasa heimover. Med såre bein og skitne kroppar var det godt å kome ned i lavlandet att. Det er lenge sidan ein dusj har vore så etterlengta og god.

Såre og skitne føter, glade for å vere nede i lavlandet igjen...

Lokale damer stilde ut varene sine oppe i fjellandsbyen

Gruppa vår fekk slakta hane til ære for the white visitors :)

For sjuklingane som måtte vere att på gjestehuset nede i Chesta vart laurdag ein slapp dag på verandaen. Høge på Cola (eller eventuelt paracet) såg vi både monster-geiter, kjempe-sommarfuglar, salamanderar, kråker og øgler i hagen, samt ein frosk på badet. Også ei ape vart observert, men dette viste seg å berre vere eit lite ekorn. Etterkvart fekk vi også selskap av dei som diverre måtte snu. Vi vart no ein fin, liten gjeng, som tok livet med ro og kosa oss i lag utover kvelden.

Rank dame som villeg stilte opp på bilete :)

Sprekingane i lavlandet med Mount Kogh i bakgrunnen...
På søndagen var alle plager vekke, og dette vart ein gledens dag for dei gjenverande. Ingen var sjuke og alle var einige om at også vi måtte ha oss ein liten søndagstur i busjen. Vi tok turen ned til landsbyen, og fylde lyden og folkestraumen i retning kyrkja. På vegen fann vi også ei idrettsbane vi måtte teste ut. Når vi kom til kyrkja var der stor stemning og song av eit litt anna kaliber enn den vi finn i kyrkja heime i Noreg. The white visitors fekk også tilbod frå presten om å kome inn, men diverre var vi ikkje tilstrekkeleg sømeleg kledde så vi såg det best å returnere til gjestehuset. Då vi kom heim stod jubelen i taket då vi fekk servert poteter istaden for ris til lunsj, og snart var også gleda stor over å få sjå resten av gjengen som kom att frå fjellet.

Helsing frå Beate, Ingrid og Anne

1 kommentar:

  1. Dokke er ein heldig gjeng som får oppleve så mykje spennande.
    Har vore spent på korleis det gjekk med dei berykta edderkoppane, det høyrest ut som dokke kom bra ifrå det.
    Syns dokke er flinke å beskrive det som dokke opplever og gleder meg til bilda kjem.
    Kos dokke vidare.

    SvarSlett