torsdag 24. februar 2011

Dag 15

20.02.2011

Endeleg var dagen komen der vi kunne få disponere dagen sjølv, det vil seie vi sov lenge. Eller.. til kl. 08.30. Noko som har vore uvanleg på denne turen. Vi fekk ein god frukost, og la så detalj planane for dagen. Då bestemte vi oss for først å besøke elefant- og giraffparken i Nairobi, for så å bade og sole oss på vår tidlegare buplass Scripture Mission(med tilgong til internett). Vi plasserte oss i rosa bussen og Cilas(vår faste sjofør) starta med utsagna tut å kjør/twende.
 Først drog vi til elefantparken for foreldrelause elefantungar. Her fekk vi ta del i historiane til dei ulike elefantungane. Nokre hadde blitt etterlatne av flokken sin, og andre hadde våre vitne til at mødrene blei drept av krypskyttarar. Parken gir mat og husly til elefantungane, og ein gong i veka kan nyfikne turistar kome å sjå elefantane bli mata og å klappe dei. Nokre av oss fekk klappe desse sjarmtrolla, og reaksjonen var at det kjendes ut som ein ru alboge med hår.
Etter dette gjekk ferda vidare til Nairobi Giraffpark. Her var det fleire giraffar, men berre to stod ved gjerdet der gjestane mata dei med godsaker og tok bilete. Vi stilte oss opp med mat i hendene og venta spent på at giraffane skulle bøye seg ned å ete av handflatene våra. Nokre fekk seg ei våt tunge i ansiktet eller eit saftig kyss av giraffane. 





 Så susa vi avgårde til Scripture Mission, med Cilas sin buss som var blitt sjuk(klutsjen hengde seg opp). Her steikte vi oss i sola ved bassenget. Nokre var uheldige med å grille seg litt for mykje. Men avkoplinga gjorde godt for alle, og ny energi vart ladda opp.

Seinare reiste vi inn til Nairobi by, der vi skulle ete middag på ein italiensk restaurant. Dei fleste bestilte pizza sidan dette hadde vore samtaletema gjennom heile dagen. Etter å ha granska menyen ei stund, presterte Silje Nesbakk og spørje undrande kva ”pizza pee” var. Det viste seg då at ”pizza pee”, eigentleg var ”pizza pie”. Pizzaane levde opp til forventningane, og vi var godt fornøgde. Vi returnerte til Cawaal Guesthouse trøtte, og klar for ein ny og spennande dag.

Av Silje R og Ida


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar