onsdag 16. februar 2011

Dag 9

Måndag 14.02.2011

It’s Valentines day……Happy Valentines day……..Men det merka vi ikkje mykje til.

Dagen i dag byrja klokka 7.30 og det var nok ein gong pannekaker til frukost. Betre enn ris, men ikkje godt mottatt av alle. Først på programmet var å besøke Chesta Girl’s Secondary school. I Pokot – kulturen er det vanleg med omskjæring og tvangsekteskap i tidleg alder. Denne skulen prøver å redde jenter som kan bli utsett for dette i heimen. Det som møtte oss var 380 jenter med kort hår, blå skjørt og kvite skjorter med slips. Kyrkja betalte for jentene på skulen, så i motsetning til dei fleste andre skular i Kenya har desse jentene gratis skulegong. Vi vart teke varmt i mot av rektor og lærarar på skulen. Vi fekk ein guida tur rundt om på området, før vi uforberedt blei kasta inn i kvar vår klasse for å fortelje litt om Noreg. Dette var ein svært positiv opplevelse sidan jentene var så humoristiske og interesserte.


Mot slutten av besøket hadde ei gruppe av jentene øvd inn eit show utan like, med dans og song frå Pokot. For ei utruleg stilig og fantastisk oppleving. Dette er noko anna enn ”Alle fugler små de er” som vi tappert stilte opp med. Men vi opplevde suksess når vi fekk med oss heile salen på å synge ”kokko” medan vi sang ” Jeg gikk en tur på stien”. Skulle dette komme som typisk norsk song i Kenyanske songbøker stiller vi oss ikkje ansvarleg.

Etter besøket drog vi tilbake på Chesta guesthouse der vi måtte pakke ferdig til vidare reise mot Kapenguria. Men først skulle vi vere publikum for ei gruppe menn og kvinner frå Pokotstamma. Dei skulle underholde oss med song og dans som synte livsløpet til ein Pokotgut. Dette var ei spesiell oppleving med uvande lydar og hoppande menn. Å forsøke på desse lydane har vi for lengst gitt opp, og bøyer oss i støvet.



Som vanleg hadde dei lokale damene hørt at det var kvite i området, og dei satt klar med salgsteppa sine. Noko vi ikkje takka nei til. Etter dette starta den hompete turen til Kapenguria. Goodbye Chesta og 40 grader i skyggen.


Ikkje nok med at leiarbilen punkterar ein gong, klarar han det to gongar med kort mellomrom. Og dette midt i tjukkaste Afrika. Vi trøstar oss med at vi kunne underhalde lokale ungar med ”Hode, skulder, kne og tå”. Sirkus Volda er på tur, Tjoheii!!!!




Inkludert punkteringar og andre stopp varte turen i ca 4 timar. Vi kom heilskinna fram til Biblecentre i Kapenguria, der vi innlosjerte oss på rom. I løpet av bilturen hadde vi merka ei betrakteleg endring i temperaturen, til det kjøligare, heile 26 grader. Vi oppdaga fort volleyballnettet og dette måtte sjølvsagt testast ut. Som resten av dagen hadde vi her underholdning med stive leggar og lår frå dei tapre fjellgeitene. Ord som ”AU AU AU” var flittig brukt. Til dei fleste si store glede var det pasta som stod på menyen, ikkje ris! Etter ein lang dag med ulike opplevingar merka vi søvnen snike seg på. Men først måtte vi finne ut av dei fantastiske dusjane, som enten leverar isvatn eller kokande varmt vatn. Dette er noko vi framleis forskar på.

                                                         
Av Ida Mari og Anita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar