mandag 7. februar 2011

DAG 2: Førelesningar


F
Gårsdagen utanfor NCC, Beate og Ingrid i hoppet.

Fine naboar på taket.

Dagen starta med frukost klokka 08.00, deretter tre førelesingar. Første førelesinga vart halden av generalsekretær i Norsk Folkehjelp, Jan Ladang. Her fekk vi informasjon om kva organisasjonen arbeidar med i Afrika, med fokus på Sør-Sudan. Den andre førelesinga dreia seg om Kirkens Nødhjelp i Afrika, som vart halden av afrikanaren Gaim (mogeleg Kebram til etternamn). Han har budd i Noreg i til saman 16 år, og gav oss ei førelesing på både norsk og engelsk.

PAUSE: Mat og soling ved symjebassenget. Fanny vart så varm av sola, at ho ville bade. Ho sette stortåa i bassenget, og satte i eit lite skrik. Dette var for kaldt (20 grader)!

 
Beate på lina.
Tilbake frå pausa, fekk vi førelesing av sunnmøringen Anders frå Norsk-Luthersk Misjonssamband. Her fekk vi innblikk i misjonen og kva dei gjer i Aust-Afrika.

Kvelden byr på middag og quiz laga av Alice og Lisa. Dette blir spanande. Resultat kjem fortløpande (den dagen vi kanskje får internett igjen).

Av Silje N og R og Karoline.

PS. Quizen vart vunnen av Silje R, Fanny og Daniel. Lisa og Alice har lovd ein stor premie.


Pausetull:)

2 kommentarer:

  1. Flott oppdatering og kjekt å fylgje dokke på bloggen, spesielt når mobildekninga er dårleg (men har fått meldinga di, Ingrid :-) Nyt turen og opplevelsen! De er kjempe-heldige!
    Helsing mamma Janne:-)

    SvarSlett
  2. Spennande å fylje dokke på tur, syns dokke er flinke som tenkjer på oss som er heime og. Så flott med sol og sommer, her har det snøa i heile dag.
    Håper dokke får det kjempe-kjekt og venter spent på meir blogg.
    Fine bilder, fortsett slik.
    Klem frå Oldedalen

    SvarSlett