tirsdag 8. februar 2011

DAG 3 : Besøk med St.John Community i Pumwani Slummen

Dagen starta grytidleg klokka 06.15 med felles frukost. Solkremen vart slengt på i bussen, og antibak flagra veggimellom på veg til dagens destinasjon. På vegen møtte vi milevis med kø, men tida gjekk likevel ganske fort då vi fekk underholdning av små barn utanfor bussen vår som var på veg til skulen. Humøret var derfor på topp trass i den vel tidlege starten (kanskje var vi berre overtrøtte?!)


Då vi endeleg kom oss ut av køa og skuleplassen var i sikte, vart vi møtt med menneske som smilte frå øyre til øyre. Deretter starta dagen med ei samling der vi fekk høyre litt om arbeidet til St.John Communiy. Dette var både spennande å interessant, og alle vart mektig imponert over den karismatiske leiaren Sally. Vi vart så delt inn i to grupper og fekk ei lita omvisning i hovudbygget. Begge gruppene fekk også vere med å observere inne i ei klasse, og her vart vi underholdt med både sang og dans. Vi kunne då ikkje vere dårlegare, og stemte klokkeklart i med tostemt versjon av "Alle Fugler".

Etter ei lita stund hørte vi skuleklokka ringe og det var tid for friminutt. Her strømma alle barna til for å helse på dagens heldige, kvite gjestar. Dei poserte villig framfor kamera med ekte spice-girls positur. Utruleg søte, sjarmerande og ikkje minst tillitsfulle.
Etter en liten fotosession var det tid for en guida rundtur i slummen. Ikkje alle guidane hadde like godt syn, noko som kom fram då den eine var overbevist om at Lisa var kinesisk(!) Den eine gruppa fekk besøke heimen til nokon av bebuarane der og leverte mat til dei. Dette var ei veldig spesiell oppleving, og inntrykka var mange. Menneska svarte gladeleg på alle spørsmåla vi stilte, og var både ærlege og oppriktige. Vi var også innom ein barnehage der ungane var minst like nysjerrige på oss, som vi var på dei. Då vi endeleg kom ut av labyrinten openbæra det seg ein enorm søppelhaug, der det til vår store overrasking gjekk fleire kyr å leita etter grastustar mellom alt skrotet. Snakk om resirkulering!


Den andre gruppa fekk omvisning i slummen si handlegate, der ein kunne kjøpe mellom anna eit par sko (om ein var heldig å finne to like), ymse klede og "ferskbrygga" punsj i solsteiken. Her fekk vi snakke med ein som eigde ein "butikk" der han selde sengeklede. Han svarte villig på spørsmåla vi stilte, og var svært hyggeleg. Deretter fekk vi omvisning på ungdomssenteret Uprising Youth, som bestod av omlag 40 frivillige arbeidarar (som sjølv er frå slummen). Vi vart imponert over arbeidet deira, då dei gjorde utruleg mykje godt for å hjelpe ungdom i slummen til eit sjølvstendig liv. Dei hadde mellom anna oppretta ein eigen bilvaskstasjon, klekkeri, leksehjelp og  mogelegheiter til å kunne ta ein dusj.





Då vi kom tilbake til St.John Community fekk vi nydeleg lunsj og ei danseoppvisning i Salsa. Vi fekk sjølve prøve å svinge litt på hoftene til dei artige rytmene. Før vi reiste heim måtte vi ta en siste farvell med skulebarna, og dette måtte dokumentarst. Ingen problem å finne modellar til fotoshoot her! :) Vi sette så kursen heim og tok ein etterlengta dusj etter ein lang og spanande dag i slummen. Full av inntrykk går vi no til sengs, spente på ein ny dag i Afrika!


Helsing Alice og Lisa!

2 kommentarer:

  1. Hei Issa og Astri!;P
    Håpe dåkke he en flotte tur, det ser ut som dåkke he hatt en særs minnerike dag, kos dåkke videre!:)

    SvarSlett
  2. Kjekt å følgje dokke på turen, via bloggen! Ungane er òg innom, Fanny, og her er alt vel, sjølv om stovegolvet begynner å bli meir og meir likt det kyrne på bilete beitar på:)

    SvarSlett