onsdag 16. februar 2011

DAG 5: Thogoto Teacher Training School

Dagen starta ”seint” i følgje kenyansk tid, altså klokka 07.00. Vi har allereie vendt oss til denne livsstilen, nokre av oss (Isabell og Ingrid) har til og med slutta å slumre…! Etter ein god frukost vendte oss nasen mot Thogoto Teacher Training School. I bilen gjorde vi eit tappert forsøk på å vakne for ein ny dag, samtidig som vi vart imponert over alle dei opplagde og blide kenyanarane tuslande på vei til jobb eller ute på ein joggetur. Vel framme ved lærarskulen blei vi møtt av rektoren som tok oss godt imot. Etter ein kort introduksjon på rektors kontor, fekk vi ei omvisning på skuleområdet. Då fekk vi sjå både gårdsdyra deira, bibliotek, datalab og ikkje minst micro teaching studio, som ein av våre eigne sjølv skulle få prøve. Før turen var det var eit stort problem å finne ein ”frivillig” til denne oppgåva, men den staute hanen (Daniel) i høneflokken skulle vise seg å vere den modigaste av oss alle. I dette studioet er det meininga at lærarstudentar skal halde eigne undervisningar der dei blir filma, for så å få sjå seg sjølv og få tilbakemeldingar på prestasjonen sin frå andre. Daniel heldt ei kort undervisning om Noreg for seks andre studentar frå Noreg og Kenya, noko han utførte med glans.





Faulty


Daniel i aksjon!


Engasjerte "elevar" som følger spent med på undervisninga til Daniel og den kenyanske lærarstudenten

Etter dette skulle vi få anledning til å ta del i ein ekte kenyansk undervising i kartlære. Heldigvis for nokre av oss, var somme namn lettare å huske for den kenyanske læraren. Dette førte nemlig til at namn som Indre (Ingrid), Ida og Alice ofte blei tatt i bruk. Så her gjaldt det jammen å følgje med i timen! På slutten av besøket fekk vi anledning til å samtale med kenyanske studentar. Dette førte til mange nye og gode inntrykk av kenyansk kultur, og forhåpentlegvis lærte dei også noko om oss og vår kultur.


Ein av plakatane som hang på veggane, dette gav oss ei påminning om kulturforskjellane


Anne og ein av dei kenyanske lærarstudentane

Heile gjengen samla!
I løpet av turen har også Antibac blitt ein god venn. Den følger oss uansett kvar vi er og kjem til god nytte!


Vel etter 4 var det på tide å kome seg ”heimatt” til SMCC, då rydding og pakking stod for tur. Dette skulle vise seg å vere ei utfordring for mange (jentene), sidan ein ”alltid” har for liten plass..! ;) Når alle var ferdigpakka var det lurast å finne senga tidleg, sidan neste dag starta ALTFOR tidleg.

Helsing frå Isabell og Jannike

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar