mandag 7. februar 2011

DAG 1: Sightseeing

ALLE HAR KOME TRYGT FRAM, sjølv om Daniel selde oss damene til ein mann frå Ghana allereie på Gardermoen!! Vi trudde vertfall at han kom til å vente til vi kom til Kenya. At alle var komne trygt fram, merka vi først under frukosten, vi hadde ikkje kontroll i mørket. No ventar vi berre på lærar nummer 2, Bjørn Gunnar, som kjem på tysdag/onsdag/torsdag – eller i neste veke. Vi har ikkje heilt kontroll, alt kan skje i Afrika.

Karoline og Silje på tur.

Vi åt ein sein frukost og fekk omvisning på SMCC-området. Deretter bar det ut på ein spanande sightseeingtur i storbyen Nairobi. Dette føregjekk i buss på grunn av dei lange avstandane. Vi stoppa midt inne i byen, og besøkte Nairobi Conferance Centre. Her fekk vi gå opp (eigentleg brukte vi heis. HYSJ!) på taket av det enormt høge byggverket, og fekk verkeleg sjå kor stor byen er. Vidare kjørte vi også forbi Matare-slummen, som gjorde store inntrykk. Om to dagar skal vi besøke Pumwani-slummen og få sjå ein slum frå innsida. På veg tilbake stoppa vi på ein gigantisk butikk som hadde alt frå simkort til skokrem (som tydeleg er ei populær vare i Kenya).

På toppen av Nairobi Confrence Center

Beate og Lisa på bussen.

Ein gjeng turistar.

Utanfor NCC

Heimelaga stillas.

 Geiter i Nairobi sentrum.

Då vi kom tilbake, venta det ein god og varm middag på oss. Etter middagen, samla vi alle gåvene vi har teke med for å gi vekk til ulike institusjonar. Dette var overveldande mykje, TUSEN TAKK til alle som har bidrege her <3 Kvelden enda tidleg i seng, vi hadde tross alt ikkje fått nok søvn på grunn av TV-skjermane på flyet.

Gåvene

Av Silje N og R og Karoline.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar