søndag 20. februar 2011

Dag 12

Torsdag 17.februar 2011

Dagen starta som vanleg tidleg, med frukost klokka seks og avreise mot Kisumu klokka halv sju. Etter førre tur der dekket til ledarbilen punkterte heile to gongar på rad skifta bilen namn frå ”the bush family” til ”flat tyre family”, noko som vi ofte fekk høyre gjennom bilturen. Vi humpa oss av garde mot ein sukkerfabrikk som vi håpa på å få besøke. Vi var ikkje sikre på om vi fekk kome på besøk, i og med at Odd Ragnar ikkje fekk kontakt med sukkerfabrikken på telefon. Vi banka på porten og dei tok velvillig i mot besøk. Til nokre sin store skuffelse var det berre ein sukkerfabrikk og ikkje ein goderifabrikk! Dei viste oss korleis sukkerplantene vart brukt til å framstille sukker. Til vår store lettelse blir ikkje sukkeret på den fabrikken konsumert av menneske, men av dyr.


Ida Mari og Silje N. tygg på sukkerplante.


Etter til saman fire timar med ”free massage-road” var vi framme ved hotellet i Kisumu. Til glede for alle saman var det eit stort luksus hotell vi skulle tilbringe natta på. To og to kunne dele ein dusj. Dusjen hadde masse vatn og ikkje berre fem strålar som ikkje klarte å skylle ut balsamen. Jentene jubla!

Etter innsjekkinga skulle vi eigentleg på ein brødfabrikk og/eller ein fiskefabrikk, men begge to var dessverre ute av drift. Vi tok heller ein kjøretur til fiskemarknaden og Victoriasjøen. På fiskemarknaden var Daniel svært populær blant kvinnene, og dei kenyanske damene la seg etter han. Til deira store skuffelse måtte Daniel avvise alle frieria han fekk, synd for dei at han er oppteken. Eigentleg burde vel vi jentene ha selt han, sidan han selte oss jentene på Gardemoen for kamelar. Tenk kor mange fiskar vi kunne ha fått for han!

Kortspeling er ein mykje brukt aktivitet på kveldane.
Vidare gjekk turen til Victoriasjøen der vi fekk frisk fuktig luft og ein nydeleg utsikt. Fleire hadde lyst å vasse, men til skrekk og åtvaring gjor vi ikkje dette. Vatnet var full av farlege parasittar. Men til vår store glede såg vi flodhestar symje i sjøen.


På kvelden åt vi ein betre middag på hotellet og alle gledde seg til å legge seg i prinsessesengene (prinseseng til Daniel). Men før vi gjekk til sengs dansa vi regndansen i håp om å få oppleve kenyansk regn. Uvêret kom som bestilt, og det var både regn, lyn og torden. I motsetning til norsk regn, vara dette berre i ein time. Vi legg inn bestilling på slikt vêr heime, slik at det ikkje regnar i fleire veker i strekk!

Av Silje N. og Karoline 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar