onsdag 16. februar 2011

Dag 11

Onsdag var den store undervisningsdagen. Alle var superklare til å undervise på Chewoyit Boys High School. Når vi kom fram venta 900 gutar i alder mellom 15 og 20 år. Dette kom som eit eit lite sjokk for jentene, spesielt vår unge Karoline som berre er 19 år:D Det viste seg imidlertid at dette var ein skule bygd opp med god disiplin. Sa du hopp så hoppa gutane. Sjølv om ei klasse med 50 hormonfulte gutar kan verke skramande ved fyrste augekast var dette ei svært inspirerande oppleving for dei fleste. Som alle andre skulebesøk stemte vi i med ”alle fuglar” og vår kjære nasjonalsang (vel og merke berre det fyrste verset – to gangar). Hunnes imponerte igjen med fantastiske dirigent-skills. Gåver og slikt blei raskt og høgtidleg overrekt til skulen.
Beate og Odd Ragnar demonstrerar frisbee

FOTBALLKAMP!!!
Prøv å spark fotball på 2200 moh. Det e’kke lett. Fingrane hovna opp og ein trakk etter pusten for kvart skritt ein tok. Etter det eminente skulebesøket reiste vi etter lunsj til Kapenguria sentrum og besøkte gatebarna. Eit prosjekt driven av den Lutheranske kyrkje har satt sitt fokus på å gi dei foreldrelause ein sjanse i livet. Det var tøft å kome så nært innpå den harde realiteten, og det var kjekt å sjå gleda i auga til borna når vi spela fotball. Det blei ein kameratsleg fotballkamp. Før kampen var det utdeling av Havlandet t-skjorter gjevne frå Sparebanken Møre. Mangel på nok skjorter fekk lærar Hunnes til å donere si eiga, til stor glede for gatebarna.
16 norske mot 18 gatebarn. Kven kunne vinne?
”Sola står høgt på himmelen, sval bris, 30 grader i skuggen. Stadig fleire tilskodarar kjem inn på tribuna. Bana ser stor ut for dei vanlegvis store og staute nordmennene/kvinnene.”
Kampen starta bra med 1-0 til Noreg. Ja, vi kan vel kalle dette ein landskamp?
Etter kvart tok det seg opp og det vart ein spanande kamp som enda med 3-3. Det var mange helter denne dagen.

Daniel og Astri

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar